Hopp til innhold

Gamletrenaren: – KBK må ikkje vente for lenge

Tidlegare Kristiansund-trenar Geir Bakke har brakopna med Sarpsborg 08. For gamleklubben går det tråare, men Bakke trur det vil losne for KBK.

Geir Bakke

Tidlegare Kristiansund-trenar, og noverande Sarpsborg 08-trenar, Geir Bakke trur det vil losne for KBK.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Som nyopprykka er det litt heiderlege innsatsar og resultata uteblir litt, seier Bakke til NRK.

Med Sarpsborg 08 har Bakke opna med tre sigrar, først to 3-1-sigrar, før det blei sterke 3–0 mot Viking søndag. For Kristiansund har det blitt to tap, først mot Molde i serieopninga, onsdag tap 2–0 borte mot Odd.

Måndag kveld møter KBK sterke Brann på heimebane, og dei nyopprykka nordmøringane håper på sine første eliteseriepoeng.

– Det er så mykje fysikk og hardtarbeidande gode fotballspelarar i Kristiansund, så dei kjem til å plukke bra med poeng, trur Bakke.

– Men dei må ikkje vente for lenge, legg han til.

Kampen mot Brann startar klokka 19.00. Du kan følgje kampen direkte her eller høyre den på NRK Sport.

Sean McDermott

Kristiansund-keeper Sean McDermott har ikkje sleppt inn meir enn tre mål på to kampar i eliteserien, men med ingen scoringar har det blitt null poeng for KBK.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix