Hopp til innhold

Supporteren på bakarste benk

– I fjor var det ein heimekamp eg ikkje var på, og den tapte me, seier Molde-supporteren Hilde Østmo Farstad. 2013 er året Solskjær har lova gull til MFK-supporterane, og det vil ikkje Hilde gå glipp av.

Tornekrattet og Hilde Østmo Farstad

GULLFAN: - Gull gir meirsmak, seier Hilde Østmo Farstad, 18 år etter sin fyrste Molde-kamp.

Foto: Gunnar Sandvik/Erik Hattrem / NRK

28. oktober 2012. Eliteserien er framleis ikkje avgjort. Det er fire rundar igjen når laga går ut på Aker stadion. Heimelaget Molde er regjerande seriemeister. På andre banehalvdelen står Rosenborg, erkefienden frå nord.

For Hilde Farstad startar fotballsøndagen på same måte kvar gong.

– Det fyrste eg gjer når eg står opp er sjølvsagt å hengje ut flagget. Så er det eigentleg berre å gå resten av dagen med nervane på utsida.

Onklar skuld i fotballinteressa

Interessa for Molde FK er stor, og starta kanskje med tippekamp før barne-TV. Heime på garden på Farstad i Fræna var det plenen som vart fotballbane. Men med ein bonde til far var det ikkje enkelt å reise til Molde på kamp.

– Då eg vart gamal nok, 14–15 år, tok onkelen min affære. Han lurte på om eg ville vere med på kamp ein gong, fortel ho.

Molde hadde vunne cupen året før. Dei var nyopprykka til eliteserien.

– Eg kjem aldri til å gløyme den kampen, for det var fyrste heimekampen i 1995, Molde-Viking. Kampen enda 4–3 til Molde etter at både Molde og Viking hadde leia kvar sin gong. Me fekk kjøpt vårt fyrste flagg og vår fyrste caps, og då var det gjort.

Roar nervane med Premier League

Fyrste tre sesongane stod ho ved sida av supporterklubben Tornekrattet. Så vart ho medlem. Det er 15 år sidan, og rutinane før kamp har fått utvikle seg.

– Er det Premier League-kampar før kan det vere greitt å roe seg ned med ein annan kamp. Så er det berre å tusle seg ned på 1911, møte likesinna, ta ei øl og berre prøve å roe nervane litt.

1911 er tilhald for Molde-supporterane før kamp. Ei stund før avspark flyttar dei seg over til feltet på eine kortsida på stadion.

Hilde Østmo Farstad

KLAR FOR KAMP: - Ein time før kampen må me vere på plass på stadion, fortel Hilde Farstad.

Foto: Privat

– Då prøver me å kome i modus og organisere ting på stadion. Så må eg finne plassen. Dei fleste av oss har faktisk faste plassar, sjølv om der ikkje er stolar.

For supporterklubben er medlem i Norsk Supporterallianse, foreininga som mellom anna kjempar mot reglar som krev sitjeplassar på heile tribunen. Fotballsupporterar vil stå. Og synge. Gjerne på fast plass.

– Min faste plass er i Tornekrattet, bak mål, ganske langt oppe til venstre. Eg er nesten øvst, heilt bak, der bruker eg å stå saman med den vanlege gjengen.

Slutten av oktober 2012. Molde og Rosenborg på kvar sin banehalvdel på Aker Stadion i Molde. Tidlegare på året hadde Molde slått trønderane ut av cupen. På Lerkendal vart det heimesiger for Rosenborg i serien. Kampen i Molde kunne bli avgjerande i gullkampen.

Lukkedrakt og to lukkesmykke

– Eg er sjølvsagt veldig overtruisk, seier Farstad.

Det betyr at det er to smykke som må vere med, i tillegg til den blå overdelen.

– Viss laget har spelt bra med ei spesiell drakt eit år, så må eg alltid ha på meg den drakta. I fjor, før den viktigaste kampen mot Rosenborg, heimekampen, så fann eg ikkje den drakta mi.

Lykkesmykka til Hilde Østmo Farstad

LYKKESMYKKA: Hilde Østmo Farstad må ha desse to smykka under MFK-kamp.

Foto: Erik Hattrem / NRK

Slikt blir det styr av. Himmel og jord blir sett i rørsle for å spore opp drakta.

– Eg fann ho heldigvis, hengande i skapet, der den absolutt ikkje skal henge, ler ho.

Drakta frå 2012-sesongen var på under fyrste heimekampen. Sidan den enda med siger vart drakta med på resten av kampane også.

Det var drakta også søndagskvelden seint i oktober, men til pause stod det 0–0. Laget som var suverent best i Noreg gjennom store delar av 1990-talet er ein favorittmotstandar på Aker stadion. Eller hatobjekt, om du vil. Oppgjeret er som ein magnet på publikum.

Rivalane

– Det har alltid vore slik. Det var dei som var nærast. Det var lokaloppgjeret før Aalesund kom opp, fortel Hilde Farstad. I fleire år var Molde den einaste klubben frå Møre og Romsdal på toppnivået.

Denne rivaliseringa har halde fram. Knivinga har alltid vore der fortel Hilde. Dritslenging frå spelar til spelar, rivalisering mellom trenarar og ikkje minst hakking og harselering mellom supporterane.

– Ein skal vel ikkje vere så stygg og bruke ordet hat, men eg må vel berre innrømme at i dette tilfellet må eg berre bruke det ordet. Me prøver å ikkje harselere med det under kamp, seier ho.

For fotballsupporterar har fått mykje kritikk for ordbruk og hakking på motstandarar.

– Når Rosenborg-supporterane står og syng at dei hatar Molde by, så for all del. Hat i veg. Me er der for å støtte klubben vår, seier Farstad, vel vitande om at hennar eigne medsupporterar ikkje er heilt prikkfrie.

– Det er nok alltid enkeltindivid. Sånn er det alltid over alt. Tidlegare har me hatt songar mot dei, men no har me ein indre justis på at me ikkje skal synge mot dei. Men det er alltid nokon som prøver seg. Men dei blir slått ned på, så syng me til eige lag i staden.

Fyrstedivisjonsbesøk

Som supporter har ho vore med i 18 år. I opp- og nedturar. Med, og no utan songar mot motstandarlaga.

– Anten riv du deg i håret, eller så jublar du av glede. Ein må ha hjarte for fotballen. Og så skal ein jo helst vise seg i fargane til laget sitt då, men gjenstandar er ikkje så viktig så lenge ein har hjarte for fotballen.

Siste åra har stadion i Molde blitt meir og meir blå, seier ho. For berre seks-sju år sidan var det få som gjekk i drakt på kamp. Mykje endra seg i den tyngste tida av Hilde si supporterkarriere.

– Eg stod på Nadderud i 2006 då me tapte 8–0. Eg trur dei hadde zooma inn på TV2, og Davy Wathne skal ha kommentert «Ja, no er det ikkje enkelt å vere Molde-supporter». Me rykte ned, og eg tuta og skreik mine vemodige tårer.

Molde måtte ta den tunge turen til fyrstedivisjon, og supporterane følgde med på lasset til mindre fotballstadion rundt om i Noreg.

– Me hadde vel litt godt av det, alle saman. Både klubben, laget og Tornekrattet, ikkje minst. Det var i 2007 me fekk eit løft som supporterklubb, og at me fekk litt nye impulsar, litt nye songar og slike ting.

Artikkelen held fram under biletet.

Hilde Østmo Farstad og Magne Hoseth

HOSETH-SHOW FAVORITTMINNE: Magne Hoseth sitt gjennombrot i Molde-drakta i 1999 er Hilde sitt beste minne frå supporterkarrieren. - CSKA Moskva vann heime, og kom sigerssikre til Molde. Der tapte dei 4-0, og me feira med parade i Storgata, seier Hilde Farstad, her fotografert med Hoseth i 2012.

Foto: Privat

Styrka av nedturen

Det er i motbakke det går oppover. Laget gjorde ein god sesong, og rykte rett opp igjen til eliteserien.

– Det er enkelte som seier at ein har ein tendens til å vere endå litt meir stolte når det går dårleg, for då skal ein vise at me er her me, uansett.

Då er også supporterklubben viktig. Både for spelarar og publikum.

– Spelarane seier at supporterklubben er viktigare og viktigare. Dei merkar om me har ein dårleg dag, eller når me aksjonerer og er stille fyrste minutta av ein kamp, fortel Farstad.

Etter at ho vart medlem i 1998 har ho i fire periodar vore med i styret. No er ho sekretær for Tornekrattet.

– Eg har vore med lenge, så for meg personleg har det hatt mykje å seie. Eg vart medlem som 17-åring, så det har betydd mykje i heile mitt vaksne liv. Eg møtte sambuaren min i Tornekrattet. Nokre av mine beste vener møtte eg gjennom Tornekrattet. Personleg har det hatt ekstremt mykje å seie.

59 minutt spelt på Aker stadion. Molde får hjørnespark. Den endar med ei kjemperedning og nytt hjørnespark. Den endar også opp bak mål til nytt hjørnespark. Tredje forsøk er ein kort variant. Mattias Moström slår ballen mot Pape Pate Diouf. Han treff ballen med hovudet. Keeper er utspelt. Molde er i leiinga, 1–0.

Spelarar kjem og går, supporterane blir

Gjennom 18 år som supporter har ho sett spelarar og trenarar kome og gå. I sin fyrste sesong på stadion såg ho ein ung mann frå Kristiansund gjere det godt for klubben. Halvvegs ute i 1996-sesongen vart Ole Gunnar Solskjær seld til Manchester United. Hilde Østmo Farstad er Liverpool-supporter.

– Etter at han reiste til United, så var han for meg ein som hadde reist frå Molde, og ein eg ikkje brydde meg så veldig om. Det var stas at ein nordmann gjorde det så bra, men utover det så drit eg litt i det.

I 1999 vann han Champions League med United. Molde tok sølv i eliteserien og nådde semifinale i cupen.

Fotballen har utvikla seg. Trenarar kjem og går, spelarar det same.

– Me har jo alltids enkelte spelarar som ein trykker litt ekstra nært til hjartet. Men ein har ikkje dei klubbspelarane som ein hadde før, der ein spelte heile karrieren i ein klubb.

Spelarar som Trond Strande, som Farstad nemner som ein legende i klubben.

– For oss er ikkje enkeltspelarane dei viktigaste lenger. Det er klubben.

– For meg er han ingen Gud

Så, mot slutten av 2010 kom han tilbake til Molde. Ole Gunnar Solskjær vart presentert som manager i gamleklubben etter ein lang karriere som spelar og nokre år i trenarapparatet til Manchester United kom han heim til Noreg.

– Eg tenkte at «for meg er han faktisk ingen Gud.» Han var faktisk nøydd å levere og vise kva han var god for.

Solskjær tok over laget før 100-årsjubileet til klubben. Laget som aldri hadde vunne serien.

– Eg må ærleg talt innrømme det at i dei tyngste stundene, og etter eit sølv, og nok eit sølv, så hadde eg vel eigentleg aldri sett for meg det at eg skulle få lov å oppleve eit seriegull, seier Farstad.

Sølvlaget

Molde enda på andreplass i serien i 1995, 1998, 1999, 2002 og 2009. I 2010 vart det 11. plass i eliteserien. Inn på scena kom Ole Gunnar Solskjær. Kristiansundaren innfridde, og overraska mange. Allereie i sin fyrste sesong førte han laget til serietittelen for fyrste gong i den hundreårige historia.

– Det er ei kjensle som ikkje går an å skildre om ein ikkje har opplevd det sjølv, rett og slett. Spesielt viss ein ikkje er sånn som oss som har reist til Notodden i Adeccoligaen, for så å oppleve seriegull nokre år seinare.

Ordinær tid er over. Om nokre timar er også siste søndag i oktober 2012 over. Laga går inn i tillagt tid. Heimelaget leiar framleis 1–0. Det er spelt 94 minutt når Molde kontrar. RBK-keeperen har vore framme på eit hjørnespark. Jo Inge Berget ser at Etzaz Hussain har fri veg mot målet. Ei presis pasning gir Hussain høve til å trille ballen roleg i mål.

– Då 2-0-målet trilla inn, då tenkte eg at «det går, det kan hende at me greier det igjen», seier Hilde Farstad.

Artikkelen held fram under biletet.

Etzaz Hussain

DÅ DET LOSNA: Med Etzaz Hussain si 2-0-skåring såg Hilde Farstad endeleg gull som eit realistisk mål for sesongen.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Seriegullet har ført til ein ny situasjon for klubben. Trenarapparatet og spelarar er meir attraktive enn nokon gong. Spelarar vil til Molde på grunn av manageren sitt gode rykte.

– Det er uvant, men kjempestas, seier Farstad.

Gullkamp til siste sekund

Sjølv om sigeren mot Rosenborg tente håpet, var ikkje gullet heilt sikkert. I nest siste runde i 2012 kan Molde avgjere gullkampen til sin favør heime mot Hønefoss. I tillegg til siger på eige gras måtte også Strømsgodset gje frå seg poeng i Rogaland. Godset kjempa for gull. Motstandar Sandnes/Ulf kjempa med nebb og klør for å unngå nedrykk.

Etter 76 minutt hadde Sandnes/Ulf skåra 2-1-målet . Det som kunne vere med å avgjere gullkampen. Då kampen i Molde var over, og MFK hadde gjort sin del, var kampen ikkje avblåst i Sandnes.

– Det var heilt jævlig, for å seie det mildt. Det verste er at eg har drøymt om dette ein gong for mange herrens år sidan. At me har vunne kampen vår, men det står på ein kamp ein annan stad i Noreg.

– Eg skalv som eit ospelauv

På Aker stadion stod Molde-supporterane med radioar for å få med seg utviklinga.

– Å stå der og vente på å få høyre det resultatet. Det var heilt forferdeleg. Eg skalv som eit ospelauv, for eg ville jo så gjerne at me skulle avgjere det på heimebane. Eg hugsar nesten ikkje kva som raste gjennom hovudet mitt. Eg berre stod og trippa, med hendene i andletet, og bad til alle makter i verda om at det skulle gå bra. Når det då faktisk vart me som greidde det, så kom det slik ei ekstrem glede at det ikkje går å skildre det.

Strømsgodset tapte 2–1 i Sandnes. Molde var sikra sitt andre gull på rad . Ole Gunnar Solskjær hadde vist at han kunne levere, og truleg også sikra seg at fansen har store forventingar for 2013.

– Det var vel i år me skulle ta gull. Det var det Solskjær lovde oss, at i 2013, då tek me gull. Så då får me vel gå for det då, håper ho.