Hopp til innhold

Badeplassen er full av glasbrot

På badeplassen Voldsdalsberga i Ålesund er svaberga fulle av glasbrot, og plenen full av svimerke. – Eg synest det er dårleg gjort av dei som gjer slikt, seier Victoria Elvestad.

Voldsdalsberga i Ålesund er fulle av glasbrot

Rett ved sjøen på friluftsområdet Voldsdalsberga i Ålesund er det mykje glasbrot. Dei som vil bade her må bruke sko for å verne seg frå kutt.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Fire ungdommar på Voldsdalsberga i Ålesund

Joachim Førnes, Oda Hildre, Victoria Elvestad, og Herman Sjøvaag på svaberget i Ålesund.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

– Når me skal bade så må me ha på oss sko slik at me ikkje får kutt i foten eller få svarte merkjer over heile oss, seier Oda Hildre.

Kutta seg på glasbrot

Oda Hildre, Victoria Elvestad, Joachim Førnes og Herman Sjøvaag nyt sommarsola på svaberget i Ålesund, men sjølv om dei har fått bada er gleda noko svekka.

Herman har til og med fått merkjer på kroppen etter å ha vore på Voldsdalsberga dagen i førevegen.

– I går gjekk eg her, og så trakka eg på eg eit glasbrot. Det gjekk ikkje inn i foten, men eg fekk eitt kutt og det blødde litt, seier Herman.

Saka held fram under biletet.

Glasbrot på friluftsområdet Voldsdalsberga i Ålesund

På Voldsdalsberga i Ålesund må ein gå forbi glasbrot og anna bos for å kome til stupebrettet.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

– Dei må skjerpe seg

Dei fire ungdommane seier dei synest det er sløvt at dei som har brukt fritidsplassen ikkje kan rydde opp etter seg.

– Dei er nøydde til å skjerpe seg. Det er bosbøtter rett her borte, så i staden for å legge frå seg glasflasker og knuse dei så er det berre å gå bort og kaste dei, seier Joachim.

– Det er femti meter borti her, legg han til.

Veit de kven som gjer dette?

– Nei, men eg tenkjer det er ungdom som kosar seg, men så gløymer dei å rydde etter seg, seier Joachim.

Søppel og eingongsgrill rett ved bosspannet på Voldsdalsberga i Ålesund

Det ligg søppel og eingongsgrill rett ved bosspannet på Voldsdalsberga i Ålesund.

Foto: Gunhild Sætre / NRK