Hopp til innhold

Sommarkveld i januar

Sosiale medium fløymer over av vakre solnedgangar i kveld. Mange har vore ute og kosa seg sidan temperaturen er som på ein god sommarkveld – og i Molde har det vore badeliv.

Bading i Molde 26. januar

BADELIV: Det har vore like varmt som ein god vestnorsk sommardag i Møre og Romsdal i dag.

Foto: Rob Buist

Rob Buist kjem frå Nederland, men har budd i Malmefjorden med kone og to barn sidan 2015. Han tok med barna til Molde for å nyte fineveret i dag, då han tok blinkskotet av mannen som tek seg eit januarbad.

– Vi har ikkje så mykje sol på Lindset i Malmefjorden i januar, så vi reiste til Fannestranda. Der var folk som grilla, og vi oppdaga to gutar i badetøy på stupebrettet. Sola skein over stranda, og det var nesten som ein fin sommardag – bortsett frå at sola gjekk ned klokka 15.45, då, seier han

Inspirert

Rob Buist seier han er inspirert av sjåarbilda til NRK Møre og Romsdal, og han er difor ofte ute for å gå tur og ta bilete.

– Eg såg situasjonen med stupet komme, og fann ein fin posisjon. Akkurat når han stupte kom ein båt, og det blei eit veldig vakkert bilde, seier han nøgd.

Og mange var ute for å ta bilde i kveld. Ein av dei er som har foreviga sola si ferd mot havet i kveld, er Otto Norhagen.

– Det er heilt spesielt at temperaturen er så høg på denne årstida, og det var eit heilt spesielt lysskjer på himmelen i kveld.

Skodjestraumen.
Foto: Heidi Ringdal Skodje

Varmluft frå sør

Vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Jon Austerheim prøver å forklare kvifor solnedgangen var ekstra fin i kveld.

– For det første har de fint ver og lite skyer i Møre og Romsdal. Og så er det varmluft som kjem frå sør. Denne lufta kan vere fuktig og disig, og då kjem lyset og fargane godt fram, forklarar han.

Ikkje rekord

Det har også vore veldig varmt i Møre og Romsdal i dag, men rekord er det ikkje snakk om.

– Maksimumstemperaturen i Møre og Romsdal i dag var på 15,7 på Sunndalsøra i dag, seier Austerheim.

– Kan vi berre gløyme vinteren?

– Nei, det kan de nok ikkje. Det skiftar fort og det snør godt i Møre og Romsdal når det kjem vind frå nordvest, men dei næraste dagane er det sørleg vindretning og mildt. På søndag kjem det eit blaff av kald luft, men så blir det mildt igjen utover veka.

Varmen lokka fram hoggorm

Huggorm på Otrøya, 26. januar 2017
Foto: Mariann Hagen

På Otrøya i ytre Romsdal fanga Mariann Hagen denne hoggormen med kamera torsdag kveld. Ormen ligg vanlegvis i dvale frå september-oktober månad. På varme plassar på vestlandet brukar dvalen å vare fram til slutten av februar, men sola lokka altså ormen ut på tur på Otrøya torsdag kveld.

Her kan du halde deg oppdatert på vêret.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL