Hopp til innhold

Både klokker og knaggar brukt til å spionere

Mannen i 20-åra som er sikta for å ha filma jenter i garderobe med skjult kamera i ein knagg, ser ut til å ha drive langt meir omfattande smugfilming i ålesundsområdet.

Klokke og knagg med skjult kamera

Både i armbandsuret og i knaggen er det skjulte kamera som er nytta til filming av unge kvinner i ulike situasjonar.

Foto: Politiet

Politiadvokat Mathias Häber seier at politiet under ransaking heime hos mannen sist veke, fann to såkalla spionklokker. I tillegg fann dei to knaggar til med skjult kampera innlagt.

Jenterumper

Filmsnuttane politiet så langt har gått gjennom, viser filming av jenter med fokus på rumpene deira. Dette er filma i mellom anna daglegvarebutikkar og på bussar. Enkelte scener har fokus på jenterumper i det jentene går av bussen.

– Vi veit enno ikkje kva butikkar etter bussar dette gjeld. Men det vil den vidare gjennomgangen av materialet vise, seier Häber.

Bilde av kameraet frå garderoen

Dette er knaggen med skjult kamera som blei brukt til å filme unge kvinner som skifta kle i ein garderobe i ålesundsområdet.

Foto: Politiet

Politiadvokaten i Ålesund stadfestar at saka dermed ser ut til å vere langt meir omfattande enn politiet først trudde.

Mykje å gå gjennom

Under ransakinga tok politiet også med mange harddiskar og anna datavare hos mannen.

– Teknikarane våre er i gang med å gå gjennom alt dette, men det er såpass omfattande, at dette vil ta tid, seier Mathias Häber.

Politiet skal både gå gjennom det dei finn datalagra, analysere filmane og finne ut kor mange fornærma det kan vere i saka.

Mathias Häber

Politiadvokat Mathias Häber er overraska over kor omfattande saka ser ut til å vere.

Foto: Lise Kristin Valgermo / NRK

På grunn av ferieavvikling, kjem truleg ikkje politiet i hamn med gjennomgangen av alt dei har teke hand om, før i byrjinga av september, meiner politiadvokaten.

Fengsel

Det var i slutten av mai at det blei oppdaga at mannen hadde filma damer medan dei skifta kle i ein damegarderobe.

Filminga skjedde gjennom ein knagg med skjult kamera som mannen hadde montert i garderoben.

Mannen har i avhøyrt vedgått dette forholdet, og er sikta etter straffelova § 298, om seksuelt krenkande åtferd.

Men no må han belage seg på at dette blir utvida. Det er naturleg at dette kjem til å ende med fengselsstraff, seier politiadvokat Mathias Häber.

Politiet meiner det ikkje ligg føre grunn til varetektsfengsling no, og dermed er det heller ikkje nemnd opp nokon advokat for mannen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL