Gründerbedrifta har sikra seg eit prestisjefylt oppdrag: No skal bacalaoen dei produserer mette Statoils oljearbeidarar i Nordsjøen.
Det er første gong bedrifta med fem tilsette har fått oppdrag innan storhushaldning, seier marknadsansvarlig Torstein Sunde.
Tilfeldig
Bacalaofabrikken sel frosen halvfabrikat bacalao på boks. Kundane treng berre å tine innhaldet, tilsetje olje og poteter og dermed har dei ein ferdig bacalao på sunnmørsk vis.
- Det var tilfeldig at vi fekk oppdraget, sier marknadsansvarleg Torstein Sunde. Representantar frå Statoil fekk ein smaksprøve under Matfestivalen i Ålesund i fjor. Dei likte det dei fekk. Seinare har vi teke kontakt med sentrale personar i oljeselskapet. Og no har dei fått innpass hos oljegiganten.
Ny gründersuksess?
Bacalaofabrikken teller i dag fem tilsette. Produksjonslokala ligg på Festøya og administrasjonen i Ålesund.
Verksemda blei starta for to år sidan og er i ferd med å bli ein ny sunnmørsk gründersuksess.
I år håpar dei å tredoble omsetninga frå i fjor og utelukker ikkje at dei snart kan kome til å trenge fleire tilsette.
Inne blant dei store
Bacalaofabrikken har allereie fått innpass i store daglegvarekjeder. Både Norgesgruppen og Coop har produktet deire i vareutvalet.
- Vi har vore kjerringa mot straumen. Medan små aktørar slit for å få hylleplass hjå dei store, har vi blitt tekne vel imot, seire Sunde. Og vi slapp til og med å betale for å få innpass, gliser han.
Satsar i utlandet
No er gründarane klar for å erobre endå fleire marked. Vi ser mot Tyskland og England. Dei har allereie vist interesse.
- Men Portugal held vi oss førebels unna, seier han om ei eventuell satsing i bacalaoens heimland.