Hopp til innhold

Nyfødd baby fekk korona – hjartet slutta å slå

Hermine Sørli Naalsund fekk ein tøff start på livet då ho som nyfødd vart smitta med covid-19. Framleis er det usikkert korleis det vil gå med den ferske verdsborgaren.

Pandemien har sett djupe spor for den vesle familien frå Ålesund. Liss Sørli og Alexander Naalsund var begge smitta av koronaviruset då dei skulle få sitt første barn.

Liss testa først positivt på ein hurtigtest. Ho håpte at ho skulle sleppe å føde aleine, men slik blei det ikkje.

Alexander, som var i karantene, fekk ikkje vere med inn på fødestua.

– Det var frykteleg kjedeleg. Eg hadde gått heile graviditeten og sagt at eg ville støtte ho under fødselen og hadde gleda meg til å vere med ho inn.

Men verst skulle det gå utover den nyfødde dottera.

To dagar etter at Hermine kom til verda, fekk ho påvist korona.

– Eg tenkte at ho ikkje kom til å reagere noko særleg, men at det ville vere som ei vanleg forkjøling, fortel mor.

Det var magasinet Foreldre og Barn som først omtala saka.

Hjartet stoppa

Den ferske familien blei sendt heim etter eit par dagar på sjukehuset. Men foreldra merka at forma til Hermine blei dårlegare.

– Ei natt begynte ho å puste tyngre. Vi tok det opp med helsesøster som kom på heimebesøk og så blei vi sendt tilbake til barneavdelinga.

Far Alexander Naalsund, mor Liss Sørli og dotter Hermine Sørli Naalsund.

HAR KOSTA MYKJE: Koronapandemien har påverka den vesle familien. – Det har vore mykje lidingar og traume.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

På Ålesund sjukehus gjekk ting slag i slag. Legane ville flytte Hermine til Oslo Univsersitetssykehus.

Før dette måtte ho bli lagt i respirator, men under intuberinga gjekk det frykteleg gale. Lungene kollapsa, og hjartet til den vesle jenta slutta å slå.

– Det var forferdeleg tungt og svært skremmande. Vi hadde jo født eit friskt barn og plutseleg var ho alvorleg sjuk.

Legane jobba i 40 minutt med å få liv i Hermine igjen.

Baby Hermine Sørli Nålsund har trakeostomi i halsen som hjelper henne med å puste og i nesen har hun en sonde hun får næring gjennom.

FÅR HJELP TIL Å PUSTE: I dag har Hermine trakeostomi som hjelper henne med å puste. I tillegg får ho mat gjennom ein sonde i nasen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ikkje vanleg

Overlege ved Folkehelseinstituttet, Margrethe Greve-Isdahl, seier at dette ikkje skjer med mange.

Av om lag 8000 born under eitt år som har blitt smitta med koronaviruset under pandemien, har berre åtte vore innlagt på intensivavdelingar.

– Det at born under eitt år blir alvorleg sjuke av korona, har vore uvanleg i Noreg.

Greve-Isdahl seier på generelt grunnlag at gravide kvinner kan førebygge alvorleg sjukdom hos seg sjølv og sitt nyfødde barn ved å la seg vaksinere mot koronaviruset.

Takksame for hjelpa

Legane fekk liv i Hermine igjen. Etter fire månadar på sjukehus har familien fått reise heim.

Nokre surklelydar kjem frå Hermine - plastrøyret i halsen hjelper henne med å puste. Kor lenge ho må ha det, veit dei ikkje. Alt frå tre månadar til tre år har blitt nemnt.

En blid, fem måneder gammel baby med sonde i nesen.

BLID: Trass ein tøff start på livet, er Hermine ein blid baby.

Hermine Sørli Nålsund sitter på fanget til faren sin, Aleksander Nålsund.

TRYGG: Hermine trivast godt i armane til pappa Alexander Naalsund.

Aleksander Nålsund, Liss Sørli og Hemine Sørli Nålsund.

TAKKSAME: Familien på tre er glade og takksame for all hjelpa dei har fått på sjukehus og av helsepersonell.

Baby Hermine Sørli Nålsund sitter på fanget til far, Aleksander Nålsund.
En baby holder farens hånd.
Baby Hermine Sørli Nålsund har sonde i nasen og røyr i halsen som hjelper henne med å puste.

Framleis veit dei ikkje om Hermine har fått seinskadar, men familien rosar legane og sjukepleiarane som har hjelpt dei.

Korleis har ho det no?

– Ho har endå nokre hosteanfall, men elles går det fint. Det var heilt fantastisk at ho var frisk nok til å kome heim att.