Baarelaget med ny plate

Sunnmøre Baarelag gir ut plate om lag kvart tiande år. No er plata "Ei til" lansert og det vert stor konsert på Porse i Volda denne helga. Varemerket er blues-inspirerte melodiar på sunnmørsdialekt. Og dei godt vaksne herrane øver ofte fram mot konserten laurdag.

Sunnmøre Baarelag gir ut plate om lag kvart tiande år. No er plata "Ei til" lansert og det vert stor konsert på Porse i Volda denne helga.
Varemerket er blues-inspirerte melodiar på sunnmørsdialekt. Og dei godt vaksne herrane øver ofte fram mot konserten i morgon..

Frå venstre ser me Arne Moe, Frode Sundnes, Kyrre Grimstad og Kjell-Rune Klubbenes

Sunnmøre Baarelag har det veldig kjekt saman både når dei øver og når dei spelar inn plate.

Laurdag vert det lansering av den nye plata på gode gamle Porsekjellaren. Mange studentar frå Volda-tida har minne derifrå.

Men det er i Ørsta, på Røde Kors-huset, dei øver. Langt inn i korridorane og heilt inst i eit hjørne har dei øvingsromet sitt. Der er dei titt og ofte.

Ei plate kvart tiår

Baarelaget har ei lang historie, heilt tilbake til 1980. Den første singelen, "Blide mann", kom i 1983, og dei har gitt ut fire plater i fire tiår sidan den gong.

Blant dei meir kjende platene er truleg "Kjekke Kara". Av melodiane hugsar nok mange "Ferjemannj på vei" og "Blide mannj".

Først og fremst er Baarelaget eit live-band, og har hatt meir enn 2000 spelejobbar sidan starten. Og dei har ikkje tenkt å gje seg med det.

Baarelaget

Baarelaget har øvingsrom, og dei har pauserom, som ser slik ut.

Foto: Arne Flatin / NRK

Vokalist Kyrre Grimstad i Baarelaget seier dei aldri har stressa med å gje ut plater. Det har aldri vore noko mål for dei å verte berømte.

I tillegg til dei som er lokale og med på øvingane fast er femtemann Totto Nilsen på munnspel. Han bur i Haugesund og skulle køyre heile vegen nordover til Sunnmøre og vere på plass i god tid før lanseringskonserten laurdag kveld.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.