NRK Meny

Ba om seks års fengsel

Aktor krev seks års fengsel for ein lærar i 40-åra som er tiltalt for å ha valdatt ein elev. Saka har gått for Søre Sunnmøre tingrett denne veka. Det skriv Sunnmørsposten.Læraren er skulda for å ha valdtatt den då tolv år jenta på skulen. Han er også sikta for seksuell trakassering av ein annan elev.Mannen nektar for skuldingane, og forsvararen hans har bede om at han blir frifunnen

Siste video/lyd

Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.
Eit heilt spesielt forskingsprosjekt er i gang ved Runde i Herøy. Aldri før er det gjort ei så stor undersøkning med bruk av ny teknologi langs kysten for å kartlegge øko-miljøet. Målet er mellom anna å finne ut kvifor bestanden av toppskarv og lundefugl går så kraftig ned.