Hopp til innhold

Ba om auka stilling- vart saksøkt

Sjukepleiar ved Molde sjukehus ba om auka stilling, men vart i staden saksøkt av Helse Nordmøre og Romsdal.

Else Hilleren Borvik

Else Hilleren Borvik ville auke stillingsprosenten sin ved Molde sjukehus, men vart i staden saksøkt av arbeidsgjevar.

Helsevesenet skrik etter fleire fleire hender, og sjukepleiaren i Molde, Else Hilleren Borvik er klar til innsats.

I alle dei tretten åra ho har arbeidd ved Molde sjukehus har ho ynskt å jobbe full stilling, men då ho prøvde å auke stillingsprosenten, svarte arbeidsgjevar Helse Nordmøre og Romsdal med å saksøke ho.

– Eg tykkjer det er heilt utruleg at ein kan verte saksøkt av sin eigen arbeidsgjevar. Eg har arbeidd her i tretten år og alt eg har gjort er å søkje på ei stilling i hundre prosent, seier ho oppgidd.

Akuttmottak ved Molde sjukehus

Akuttmottaket ved Molde sjukehus der sjukepleiar Else Hilleren Borvik arbeider.

Foto: Omar Sejnæs

Har ikkje ført fram

Else Hilleren Borvik har berre 75 prosent stilling ved akuttmottaket ved sjukehuset i Molde, og må ta ekstravakter for å få jobbe full tid.

Vi har jo kjempemykje ukvem i turnus, og når eg frå veke til veke må jakte på fleire vakter, vert eg utruleg sliten, seier ho frustrert.

– Av prinsipp har eg søkt på alle stillingar i utallige år, sjølv om det ikkje har vore hjelp i til no, påpeikar ho.

Såg ei mulegheit

Då det vart lyst ut tre ledige stillingar ved akuttmotaket, søkte Else Hilleren Borvik om å få auke stillinga si, slik ho etter Arbeidsmiljølova har krav på.

Også denne gongen fekk ho avslag, men tok saka vidare til Tvisteløysingsnemnda. Der fekk ho medhald i at ho hadde krav på å auke stillinga si. Dette var Helse Nordmøre og Romsdal usamd i og ville prøve saka for retten. I dag har helseforetaket gjort heilomvending og trekt saka.

Bjørn Engum

Bjørn Engum, administrerande direktør i Helse Nordmøre og Romsdal.

Foto: Omar Sejnæs

– Vi har gjort ei ekstra vurdering og hatt ein del samtalar med eigarar og fagmiljø. Derfor har vi kome fram til å akseptere ønsket om 100 prosent stilling, seier Bjørn Engum som er administerande direktør i Helse Nordmøre og Romsdal.

Klok avgjerd

- Det var klokt av helseforetaket å ta ei ny vurdering i saka, seier leiar i Norsk sykepleierforbund, Lisbeth Normann.

Forbundet synes det var oppsiktsvekkjande at ein arbeidsgjevar gjekk mot alle andre politiske oppfatningar om at kvinner som jobbar deltid får lov å jobbe heiltid, noko dei har ein rett til i følgje Arbeidsmiljølova.

Video - Klokt å trekkje sak mot sjukepleiar

Lisbeth Normann er leiar i Norsk Sykepleierforbund.

– Eg håpar no at helseforetaka kan hjelpe andre som ønskar å oppjustere stillinga si, fortel Hilleren Borvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL