Toril Melsæter i foreininga hevdar at styret brukte 1,5 millionar kroner på ein konsulentrapport for å få dei svara dei ville ha. Styreleiar Tore Skåltveit avviser at rapporten var eit bestillingsverk frå styret. Han seier at styret har ønska ei så god og brei vurderings som mogleg, og at dei ikkje har lagt føringar for arbeidet til til dei som har utarbeidd rapporten.
Pengebruk
Foreningen Sykehuset Vårt, som i dag oppretta eit kontor som skal arbeide med å oppretthalde sjukehuset i Kristiansund, rettar også kritikk mot pengebruken til styret i Helse Nordmøre og Romsdal. Dei reagerer på at det vart brukt 1,5 millionar kroner på å utarbeide rapporten. Samstundes blir sjukehusavdelingar ved dei to sjukehusa i helseføretaka stengde i sommar for å spare pengar. Men Skåltveit meiner at det ikkje er mogleg å samanlikne desse to tinga.
Støtte frå Kristoffersen
Asmund Kristoffersen (Ap) støttar Foreningen Sykehuset Vårt.
Initiativtakar til opprettinga av Foreningen Sykehuset Vårt, Torill Melsæter, har ikkje tenkt å gi seg før sjukehuset i Kristiansund er sikra. Og helsepolitikar Asmund Kristoffersen seier at han er imponert over engasjementet venneforeninga har vist når det gjeld sjukehuset i Kristiansund. Han meiner at det er flott at lokale krefter engasjerer seg så sterkt. Og han er samd med vennegruppa i den kritikken dei rettar mot styret i føretaket. Han seier at eitt sjukehus på Nordmøre og Romsdal er urealistisk. Mellom anna vil eitt sjukehus vere økonomisk korttenkt, meiner Kristoffersen.