Hopp til innhold

Avviser plan om eitt sjukehus

Styreleiar Ola H. Strand i Helse Midt-Norge avviser at det fins ein plan om å samle sjukehusa i Møre og Romsdal på ein stad. Det skriv Rbnett. Etter at Astrid Eidsvik gjekk av som administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal har det vore spekulert i om det fins slike og at det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal difor kan bli lagt til Molde. Strand seier dette ikkje stemmer.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL