NRK Meny

Avviser anke

Gulating lagmannsrett avviser anken frå sunnmøringen i 40-åra som er sikta i ei stor narkotikasak i Nordfjord og Sunnmøre. Mannen har site fengsla sidan slutten av mai og blir etterforska for det lagmannsretten skildrar som omfattande, langvarig og profesjonell narkotikaverksemd. Lagmannsretten meiner det er fare for at mannen kan øydeleggje bevis og gjere nye lovbrot om han blir sleppt fri.