Avtale om oppgradering er inngått

Vegvesenet har inngått avtale med Christie & Opsahl, som skal oppgradere ferjekaiene i sambandet Halsa - Kanestraum. Kontraktsummen er på 139 millionar kroner. Kaiene blir oppgraderte for å kunne ta i bruk nullutsleppsferjer frå 2021, og arbeidet startar alt i september. Ferjene går som normalt under byggeperioden.

Roger Gjendem, Olav Megrund, Andrea Andenæs, Kristian Marstein Brøste og Leif Karstein Myrstad
Foto: Anniken Westad / Statens vegvesen