NRK Meny

Avtale om kontroll

Fylkeskommunen og NOKAS har inngått ein avtale om billett- og kvalitetskontrollar om bord i alle bussar, hurtigbåtar og ferjer. –Denne avtalen inneber kontroll av billettar og reisekort, i tillegg til å sjekke kvaliteten på utføringa av jobben til operatørane og utstyr på alle bussane, hurtigbåtane og ferjerutene våre, seier rådgivar Atle Ræstad ved samferdselsavdelinga.