NRK Meny
Normal

Skal runde av som lagkaptein, vil tilbake som topptrenar

Han har vore med på opp- og nedturar, opp- og nedrykk. I dag spelar Amund Skiri sin siste kamp i AaFK-trøya. Om nokre år håper han å vere trenar på same nivå.

Amund Skiri og Knut Dørum Lillebakk

Her blir Amund Skiri matchvinnar i cupfinalen mot Molde i 2009. Straffa gjekk i mål via stolpen, før Amund Skiri gjekk ned på kne i eit minneverdig jubelbrøl.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove, Svein Ove Ekornesvåg / Scanpix

– Eg har ambisjonar som trenar. Sjølvsagt har eg ein ambisjon om å trene eit topplag i Noreg, men mykje skal klaffe om det skal skje i klubben ein har mest følelsar for.

Amund Skiri er langt frå unnvikande på spørsmålet om han på sikt har som mål å trene Aalesunds Fotballklubb. Klubben han kom til i 1997.

Saka held fram under bildet.

Amund Skiri

Her jublar Amund Skiri og resten av AaFK for det første cupgullet i oransje historie.

Foto: Josefsen, Jon-Michael / Scanpix

– Eit lag å rekne med i norsk toppfotball

Han kom frå Åndalsnes, som ung spelar. Frå ein grå kvardag i 2. divisjon, til det som etter kvart blei eliteseriespel i Ålesund. I 2009 og 2011 blei det cupgull.

– Eit par ting skil seg ut i positiv forstand gjennom desse åra. Det er cupfinalesigeren i 2009, der vi slår Molde i ein veldig spesiell kamp.

– Og så er det hausten 2002. AaFK gjekk frå å vere eit anonymt 1. divisjonslag til å bli eit lag å rekne med i norsk toppfotball, seier Skiri til NRK.no.

Det var «ein gjeng ukjende spelarar» som karra seg opp til Eliteserien, ifølgje AaFK-veteranen.

Amund Skiri

Her blir Amund Skiri løfta på Kråmyra, like etter at opprykket i 2002 var sikra.

Foto: Arkiv / NRK

– Som ung spelar i 2002 gjorde AaFK meg til Tippeligaspelar. Det skjedde sjølvsagt ikkje over natta, men det var ein prosess som fekk utløp utover hausten.

– Det var ei fantastisk tid, saman med ein flott gjeng. Vi hadde ikkje vore i toppfotballen tidlegare, men vi spelte oss dit, smiler Skiri.

Skadeperiodane har vore verst

Han var eitt og eit halvt år i Vålerenga, i 2005 og 2006. Der fekk han med seg eit seriegull. Skiri fortel at det er surt å ikkje ha spelt Champions League, samstundes som ein landskamp eller to hadde vore greitt å få med seg i karrieren.

Likevel er det skadane han tenkjer tilbake på med størst minusforteikn.

– Det er dei verste nedturane, lengre skadeperiodar. Blant anna i fjor haust då eg gjekk glipp av cupfinalen og blei sitjande på sidelinja i mange månader.

– Korleis har skadeperiodane vore mentalt?

– Ein toler å tape. Ein toler mange smellar på banen, for då har ein alltid moglegheita til å revansjere seg. Når ein er skada, så sit ein der og føler seg totalt uviktig. Utan moglegheit til å slå tilbake, meiner Skiri.

– Ein er prisgitt at ein er frisk, men eg unner ikkje min verste fiende eller motstandar å bli skada.

– Fotballen har vore drivkrafta

Han seier skadeperiodar har drege psyka i idrettssamanheng langt ned til tider.

– Fotballen har vore drivkrafta i livet mitt. Når ein ikkje får drive med det, samtidig som ein har lyst til å bli med ... Det er den verste følelsen, meiner AaFK-veteranen, som trur andre spelarar føler det sameleis i skadeperiodar.

No er derimot kroppen bra, og Skiri har vore skadefri i nokre månader.

Om alt går etter planen vil han marsjere inn på Color Line Stadion med kapteinsbindet om overarma mot Sandnes Ulf.

– Det er ein svært flott gest av han Kjetil å gi meg kapteinsbindet. Eg føler meg alltid som ein leiar på banen, så bindet er vanlegvis ikkje så viktig. Men no blir det ei flott markering, og det er eg veldig stolt over, seier Skiri.

Saka held fram under bildet.

Ekeberg og Skiri, tilbake på Kråmyra

Her er Amund Skiri og Herman Ekeberg tilbake på Kråmyra, 10 år etter opprykket til Eliteserien. Etter søndagens kamp mot Sandnes Ulf har begge AaFK-legendene spelt sin siste kamp i tangotrøya.

Foto: Arne Flatin / NRK

Mange Herd-tankar på tampen

I haust har det blitt nokre innhopp for Skiri. Mot Sogndal i den 27. serierunden starta han på midtstopparplass. No håper han på ei minneverdig avslutning.

– Men eg håper han (journ. anm. Kjetil Rekdal) byter meg ut om eg er ubrukeleg. Ein må prestere, men det er eg trygg på at eg skal gjere, seier Skiri.

Likevel fortel han at mange tankar har tatt turen til Herd den siste tida.

– Den siste tida har eg brukt tankeverksemda meir på framtida i Herd enn avslutninga i AaFK, seier den påtroppande spelande trenaren for Herd i 3. divisjon.

– Det er ein utruleg spennande klubb, som ønskjer seg opp og fram. Eg er ein trenar som ønskjer meg opp og fram, så dette blir forhåpentlegvis ein god kombinasjon.

På sikt har Skiri lyst å bli trenar på toppnivå, helst i AaFK.

Amund Skiri

Amund Skiri fortel om god stemning på treningane før siste kamp.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Bråket har lite å seie

Klubben det har storma litt kring dei siste vekene. Skiri meiner alt oppstyret ikkje har noko å seie for siste kamp.

– Akkurat no betyr det veldig lite. På trening har vi hatt det kjekt, og spelarane har det kjekt. Han Kjetil er der og er i godt humør, og alle gler seg no til siste kamp.

Han har eit håp om heimesiger i avskjedskampen, men tida i AaFK har uansett vore fantastisk.

– Det har vore 15 fine år.

– Det har vore opp- og nedturar, cupfinalesigrar og opprykk. Eg sit igjen med eit svært positivt bilde, avsluttar Skiri.

Amund Skiri trekk fram cupgull og 2002/03-sesongen som det største i AaFK. Her ser ein delar av bilda frå hendingane.

Her er nokre korte glimt frå det Amund Skiri omtalar som høgdepunkta i karrieren.