Avslutta tidleg

Allereie før klokka var 21.30 måtte politiet avslutte ein bygdefest på Bud i Fræna laurdag kveld. Det blei meldt at festen var ute av kontroll, og fleire overstadig rusa ungdomar var på staden. Det skal og ha vore gjort hærverk på eit toalett. Før klokka var 23 hadde politiet også avslutta eit arrangement i Volda på grunn av ordensuro.