NRK Meny

Avslutta aksjon i Kristiansund

Politiet har no avslutta ein væpna aksjon i Kristiansund sentrum, det seier operasjonsleiar Rolf Anders Korstad i Nordmøre og Romsdal Politidistrikt. Politiet tek til med avhøyr i løpet av kvelden. Korstad vil ikkje seie noko om årsaka til den væpna politiaksjonen, men trusselsituasjonen skal ha hatt utgangspunkt i narkotikamiljøet i Kristiansund.