NRK Meny
Normal

Avlyser tur til Kenya

11 elevar og lærarar ved Borgund Folkehøgskule i Ålesund avlyser ein klassetur til Kenya. Elevane skulle etter planen reist onsdag morgon. 

Kenya
Foto: STR / REUTERS

Men etter valet i landet har det blitt uro i Kenya, og det gjer at skulen avlyser turen, seier rektor Willy Mangersnes. 

Skulle til dei urolege områda

Onsdag skulle 11 elevar og lærarar frå folkehøgskulen reisa til Kenya og fyrste stoppestaden skulle ha vore slumområda i Nairobi, der uroa i landet starta.

- Akkurat i dag har dei sagt at det har vore rolegare att, seier rektor ved Borgund folkehøgskule Willy Mangersnes, men det endrara ikkje avgjerda om å bli heime.

Utsett reisa inntil vidare

Mangersnes seier at dei har utsett turen på ubestemt tid. Råda frå norske styresmakter er klokkeklare, sjølv om dei kenyanske kontaktane til skulen meiner at det er trygt å koma.

- Kontaktane våre i Nairobi er ikkje så urolege som det me er. Dei meiner at det er såpass spesifikke område der det er konfliktar at dei kan losa oss utanom desse, seier rektoren. Men han og skulen har valt å høyra på tilrådingane frå UD og ambassaden og vert difor heime.