Avlyser seminar om homofili

Det lukka seminaret om samkjønna samliv på Ørsta bedehus onsdag, er avlyst. Det skriv Sunnmørsposten. Seminaret har vekt sterke reaksjonar både fordi den homofile føredragshaldaren lever i sølibat og at seminaret ikkje opnar for debatt om temaet. Arrangøren vil ikkje medverke til yttarlegare konfrontasjon rundt temaet og avlyser seminaret.