Ikkje aktuelt å avlive jerven som drap 101 lam

Det å ta ut jerv i dette området bryt med forvaltningsplanen, seier miljøverndirektør.

Tommy Sæther

Sauebonde Tommy Sæther slapp i år ut 96 sau ut på beite, i tillegg til 195 lam. Men etter sommarbeite manglar bonden 101 lam, i tillegg til 8 vaksne. Han er lei av at jerven får herje.

Foto: Stein Siem/Åndalsnes Avis

Fylkesmannen meiner at det ikkje er aktuelt å avlive jerven som kan stå bak dei omfattande lammetapa i Vermaområdet.

  • Ulf Lucasen

    Assisterande miljøverndirektør hos Fylkesmannen, Ulf Lucasen, fortel at jerven i Verma får leve vidare.

    Foto: Gunnar Sandvik/NRK
    Les også: Mangler 101 lam etter sommerbeite

– Dette er innanfor det området kor rovviltnemnda prioriterer å ha jerv, og difor er det ikkje rett å avlive denne jerven no. Sidan resten av dyra er redda ned er det ikkje riktig å gjere noko meir, seier assisterande miljøverndirektør hos Fylkesmannen, Ulf Lucasen.

Bonde Tommy Sæhter manglar 101 lam og seks vaksne sau etter sommarbeite i austre del av Vermadalen i Romsdal.

– Jerven har fått lov å herje i området her i fleire år, seier han.

I fjor tok jerven 41 lam.

– Jerven kan ta sau og lam

Sauekadaver fra Verma

Slik såg det ut då Sæther gjekk på sauesanking i Vermadalen. Dette lammet blei funne 23. august.

Foto: rovviltkontakt John Arne Brovold, SNO

Det er dokumentert på kadaver at det er jerven som har tatt lam i det aktuelle området, men Statens naturoppsyn er ikkje ferdig med registreringane.

– Vi må berre innsjå det at jerven kan ta sau og lam uansett kor. Vi kan ikkje tenkje oss ein rovviltspolitikk der jerven ikkje kan ete lam, seier Lucasen.

I Møre og Romsdal er det fleire området kor ein prioriterer å halde ved like bestanden av jerv. I Snøhetta-området og i Reinheimen var målsettinga å ha tre jerveynglingar i år, men hittil har Norsk institutt for naturforsking (NINA) berre registrert eitt. Her er oversikta over alle jerveynglingane i landet.