Avklart på Sekken

Molde brannvesen melder at situasjonen i eit næringsbygg på nordsida av Sekken i Molde er avklart. Dei rykte ut med mellom anna røykdykkarar i 09.20-tida då det blei observert røyk frå staden. Det var kortslutning i eit EL-anlegg som var årsaka til røykutviklinga. Ein person kan ha fått i seg for mykje røyk og er tatt med for sjekk.

Laster kart, vennligst vent...