Hopp til innhold

Avisredaktør: – Kvikkas har mislukkast ekstremt

Mange får ikkje laurdagsavisa i postkassa si etter at transportselskapet Kvikkas tok over avis-utdelinga på laurdag. No set desperate avisleiarar inn ekstratiltak for å få avisene ut til lesarane.

Tidens Krav

Leiinga i avisa Tidens Krav legg no planar for å sikre distribusjonen av laurdagsavisa.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Fredag arbeidde redaksjonen i Tidens Krav i Kristiansund hektisk for å få klar laurdagsavisa. Trass i store vanskar med laurdags-omberinga går produksjonen i avis-lokala som normalt.

Ole Knut Alnæs

Redaktør i Tidens Krav, Ole Knut Alnes.

Foto: Roar Halten / NRK

Mange har ikkje fått avisa dei siste laurdagane, og heller ikkje måndag. Vi trudde ikkje det skulle bli så ille, seier redaktør i Tidens Krav, Ole Knut Alnes til NRK.

Mange saknar laurdagsavisa

Ingen veit kor mange avisabonnentar som har stått utan avis laurdagar etter at Kvikkas tok over laurdags-distribusjonen.

Dei har ikkje full oversikt over kor mange dei ikkje har levert avisa til. Men første laurdagen var det over 1000 Tidens Krav-abonnentar som ikkje fekk avisa. Kanskje så mykje som 1200. Sist laurdag gjekk det mykje betre. Då var det 3–400 som ikkje fekk avisa. Men også det er altfor, altfor mange, seier Alnes.

– Syndebukk i politisk spel

Dagleg leiar i Kvikkas, Stig Kleive, har ikkje tid til å bli intervjua av NRK i dag. Men i ein e-post skriv Kleive at han er i ferd med å planlegge helge-distribusjonen saman med avisene. Kleive meiner også at Kvikkas er gjort til syndebukk i eit politisk spel.

– Kvikkas og dei andre partane gjer at vi kan for at distribusjonen gjer alt vi kan for at distribusjonen skal halde fram med ei positiv utvikling. Kvikkas får stadig færre klager og leverer gode tenester, skriv Kleive.

Han skriv også at Kvikkas er opptekne av at media må kommunisere eit balansert bilete av fakta, og skilje mellom kva som er Kvikkas sitt ansvar og dei utfordringane som mediehusa må ta ansvar for sjølve.

– Vi aksepterer sjølvsag at media ønskjer endringar i rammevilkåra sine. Men det er noko som ikkje angår Kvikkas som selskap. Kvikkas opererer under rammevilkåra i konsesjonen og opplever at samarbeidet med bransjen er positivt, heiter det i e-posten.

Trykkjer ekstra aviser

No arbeider avisene med eigne tiltak for å sikre seg at laurdagsavisene når fram til abonnentane.

Vi trykkjer opp 3000 ekstra aviser og sender ut med posten, seier TK-redaktør Ole Knut Alnes.

Redaktøren i Tidens Krav hevdar at Kvikkas ikkje kan ha forstått kva dei har levert anbod på.

– Avisdistribusjon er krevjande. I eit langstrekt land som Noreg er det ekstremt krevjande. Å starte prosessen med å øydeleggje ei av velferdsgodane våre er trist når dei mislukkast så ekstremt som Kvikkas har gjort, seier Alnes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL