Tysdag ettermiddag vedtok styret i Edda Media å selje Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og Edda Trykk i Ålesund til Polaris Media.
LES MEIR:
Fekk beskjeden på morgonmøte
På grunn av strenge børsreglar kunne ingen kommentere salet før børsen opna onsdag morgon.
Dei tilsette i avisene var kalte inn til møte om morgonen, der dei skulle få stadfesta det dei allereie rekna med; dei var kjøpte opp av Polaris media, som har base i Trondheim.
Fleire av dei tilsette møtte med nyinnkjøpte lausbartar.
Letta og glade
- Me er letta no, seier klubbleiar Johan Behrentz i Sunnmørsposten.
Også redaktørane var glade for handelen:
SUNNMØRSPOSTEN:
ROMSDALS BUDSTIKKE:
Rykta har gått lenge
Edda media har lagt avisa ut for sal to gonger, og rykta har gått lenge om at Polaris media var den mest sannsynlege kjøparen.
- Det er ikkje bra for aviser å leve i ein så usikker situasjon såpass lenge, seier medieforskar Sigurd Høst ved Høgskulen i Volda.
Han meiner salet til Polaris media ser ute til å vere ei god løysing for avisene, og han er ikkje redd eigarselskapet vert for stort.
LES MEIR:
Salet inkluderer avisene Romsdals Budstikke, Sunnmørsposten, Nye Åndalsnes Avis, Sunnmøringen, Vikebladet Vestposten, Møre-Nytt og Driva.
På redaksjonsmøtet til Sunnmørsposten skal der også ha vore høyrd strofar frå "Æ e trønder, æ".