Hopp til innhold

Avisbod kritiserer kommunen

Eit avisbod i Kristiansund kritiserer kommunen for manglande vakthald, etter at ei eldre kvinne skal ha kome seg usett ut frå eit bufellesskap på nattestid. Ifølgje Tidens Krav (bak betalingsmur) skal ho, iført berre truse, ha falle på isen. Ifølgje kommunen har ikkje bufellesskapet vakthald eller fast bemanning. Kommunikasjonssjef Tore Lyngvær seier på generelt grunnlag at slike saker fører til tiltak for å unngå at det skjer igjen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL