Hopp til innhold

Ein person mistenkt for vald og brannstifting i Fræna

Ein person er mistenkt for vald i nære relasjonar og for brannstifting etter den voldsomme brannen i Fræna i natt. Politiet ber samstundes om tips.

Brann på Bergset i Fræna natt til søndag

Ein person er mistenkt etter den såkalla 'mordbrannparagrafen' og for vald i nære relasjonar, etter brannen i Fræna natt til søndag.

Foto: tipsar

Personen er ifølgje politiet mistenkt etter paragraf 148, den såkalla "mordbrannparagrafen", for å ha satt fyr på eit hus, og også for vold mot nokon som står han nær. Politiet vil ikkje seie kven dei to involverte er.

Ein person i avhøyr

Etterforskingsleiar Kjell Moen ved Molde politistasjon seier at ein person sit i avhøyr no. Mannen som er alvorleg skadd er ikkje avhøyrt endå, og Moen seier lite om relasjonen mellom dei to.

- Det er ein nær relasjon, seier han. Etterforskinga blir no retta inn for å samle mest mogleg informasjon om omstenda før og under brannen.

Han vil ikkje identifisere personen som er mistenkt i saka nærare.

To meldingar i rask rekkefølgje

Klokka 03.52 fekk politiet melding om ei valdshending på Bergset. Like etter kom det ny melding, no om at det brann i eit hus i området.

- Vi etterforskar no kva som er forbindelsen mellom dei to hendingane, seier Moen. Han vil ikkje uttale seg om kor alvorleg skadd den fornærma personen er. Dei to borna skal vere tatt hand om av nær familie.

Operasjonleiar Leif Einar Bergem-Ohr

Operasjonsleiar Leif Bergem-Ohr ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt seier dei startar etterforskinga allereie søndag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ber om tips og foto

Politiet er no i ei innleiande fase, og dei ber no om tips i saka frå alle som har observasjonar eller opplysningar av interesse. Spesielt er dei interesserte i alle foto og/eller opptak som er gjort tidleg i brannforløpet.

- Vi ber om at politiet får vurdere om dette er relevant for etterforskinga, seier Moen.

Ettersløkking

Søndag ettermiddag driv brannvesenet ettersløkking på staden. Samstundes sikrar dei området for lause gjenstandar.

- Vi sikrar ein del plater og materiale som er laust, for å vere føre var. Det er ganske mykje vind i området, seier brannmeister Frank Austdal ved 110-sentralen. Den nedbrende huset låg midt i eit bustadområde.

Startar etterforskinga søndag

Politiet starta allereie søndag formiddag etterforskinga etter den voldsomme brannen på Bergset i Fræna natt til søndag. Branntomta er førebels for varm til at det går an å gjere tekniske undersøkingar, så det skjer truleg først måndag. No held ein politibil held vakt ved staden.

- Vi driv no og etablerer oss for å begynne den taktiske etterforskinga, og startar med avhøyr så raskt det let seg gjere, sa operasjonsleiar Leif Bergem-Ohr klokka 10.40.

Naboane opna dørene

Mange av naboane blei vekte av storbrannen i byggjefeltet på Bergset i Fræna.

- Vi blei vekte av folk som ringde på døra her, då vi gjekk ut og såg var det full fyr i sørenden på huset, seier nabo Ingve Drågen til NRK Møre og Romsdal.

Han vakna i firetida, og var ikkje klar over storbrannen i nabohuset. Han seier hans eigen familie kom seg raskt ut, og begynte å prøve å finne ut kvar dei fire som budde i huset var. Dei hadde då allereie komt seg ut.

- Vi konsentrerte oss om å finne ut kvar familien var, brannen var så heftig at det var lite vi kunne få gjort, seier Drågen. Like etter kom brannvesenet.

Tok i mot naboar i natt

Drågen og familien blei ikkje evakuerte sjølve, men tok imot naboar frå fleire nabohus, som ikkje kunne vere heime på grunn av gnistregnet frå den voldsomme brannen.

- Dei var her nokre timar medan det verste sto på, men forlet huset her i sju-halv-åtte-tida, då kunne dei gå heim og legge seg, seier Drågen. Han seier eitt hus framleis er evakuert, på grunn av røykskadane.

(Saken fortsetter under bildet)

Etterslokking i Fræna

Politiet driv søndag ettermiddag ettersløkking.

Foto: Hans Thomas Eikrem

Alvorleg skadd i brannen

Faren i huset, ein omlag 40 år gamal mann, er innlagt ved Molde sjukehus. I ei pressemelding opplyser sjukehuset at mannen blir behandla på intensivavdelinga, og er alvorleg skadd. Skadane skal vere stabile. Mora i huset, og dei to borna på 4 og 11 år blei sende til kontroll, men skal vere uskadde.

Kom springande frå nabohuset

– Vi fekk melding om brannen frå naboar like før klokka fire i natt, seier operasjonsleiar Leif Bergem-Ohr ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Ifølgje Bergem-Ohr såg naboane ein person kome springande frå det brennande huset, og ringde då straks til politiet.

– Mannen i huset er alvorlegare skadd. Dei tre andre har vore til legesjekk, seier Bergem-Ohr.

Naboane evakuerte

Brannvesenet rykte ut til den kraftige brannen med mannskap frå Bud, Elnesvågen og også frå nabokommunen Eide. Ifølgje brannvesenet var det såpass sterk vind i området med gnistregn frå det brannherja huset, at naboar frå fleire hus måtte evakuerast.

- Det var sterkt gnistregn og sterk vind i tett busetnad, seier Tor Ivar Sjåstad ved 110-sentralen i Møre og Romsdal.

Brannen er no sløkt og ettersløkkinga ferdig, men brannvesenet vil halde eit auge med tomta utover formiddagen, seier Sjåstad.

Ingen åstadsundersøking i dag

Varmen på staden gjer at det truleg ikkje blir nokon åstadsundersøking i dag. Politiet vil førebels ikkje seie noko om årsaka til brannen.

– Det er alt for tidleg å seie noko om. Vi konstaterer at det har vore ein brann, seier Bergem-Ohr.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL