NRK Meny

Avhending av sjukehusbygga

Helse Møre og Romsdal opprettar no ei arbeidsgruppe som skal ha ansvaret for avhendinga av dei gamle sjukehusbygningane på Lundavang i Molde og i Kristiansund. Klinikksjef for drift og eigedom, Mona Aagard-Nilsen, skal leie gruppa. I gruppa sit det også representantar for Helse Midt-Noreg og helseforetaket Sjukehusbygg. Bakgrunnen er vedtaket om å bygge nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal.

Molde sjukehus
Foto: Gunnar Sandvik/NRK