NRK Meny
Normal

Avgjerd om høyring i dag

I dag avgjer Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget om helseministeren må møte til opa høyring om sjukehussaka på Nordvestlandet. Komiteen skal vurdere om helseministeren har handla i strid med lovverket.

Helseminister Bent Høie

I dag får statsråden vite om det blir ei opa høyring i Stortinget.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

I går svarte statsråd Bent Høie på dei nye spørsmåla komiteen har stilt han. Dei ønskte mellom anna svar på korleis helseministeren ser på bruken av lukka møte i helseføretaka.

Bakgrunnen er altså striden om plassering av eit nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal. Helseministeren har avgjort at sjukehuset skal ligge på Opdøl i Molde, etter at både styret i Helse Møre og Romsdal og styret i Helse Midt-Norge gjekk inn for det same.

Stiller spørsmål ved instruering

Bråket rundt avgjerda har handla både om helseføretaka si handtering og om helseministeren har gått over grensa for eigarstyring når han har gitt til kjenne kva for tomt han ønskjer før avgjerda var tatt.

Martin Kolberg, leder av kontroll- og konstitusjonskomite

Martin Kolberg frå Arbeidarpartiet er leiar i Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Helseministeren har heile tida halde fast på at han ikkje har instruert nokon om valet av tomt. Leiaren i komiteen, Martin Kolberg, har tidlegare sagt at dei ønskjer å vurdere svara dei har fått frå Høie før dei tar si avgjerd.

Komiteen har bede Høie svare på i alt 12 spørsmål om si rolle i prosessen. Frå fleire hald har det kome krav om at saka må behandlast i ei opa høyring i Stortinget, mellom anna har ni kommunar på Nordmøre krav dette.

Spørsmålet no, er om Kontroll- og konstitusjonskomiteen seier seg fornøgd med svara Høie har gitt i andre runde. Møtet startar klokka 14.30. Etter det Aftenposten kjenner til, skal det vere fleirtal for at saka skal behandlast i ei høyring.

Vil snakke dersom det blir høyring

Marthe Styve Holte og Trond Michael Andersen

Trond Michael Andersen saman med dåverande styreleiar Marthe Styve Holte i Helse Midt-Norge. Ho gjekk av etter det ho opplevde som press frå statsråden for å sparke Andersen.

Foto: Helse Midt
Astrid Eidsvik

Astrid Eidsvik gjekk frå stillinga si i Helse Møre og Romsdal på dagen, fordi ho kjende seg pressa frå leiinga i Helse Midt-Norge.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

VG skriv i dag om nye påstandar om ureint spel i prosessen fram mot ei avgjerd i sjukehussaka, der fleire tillitsvalde kjenner seg lurt i prosessen der administrerande direktør Trond Michael Andersen gjekk frå stillinga si i Helse Midt-Norge i fjor haust.

Les heile saka i VG (krev abonnement).

Andersen har frå før avvist å snakke om avgangen sin og har vist til at han har avtale om teieplikt.

Både han og tidlegare direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, seier til avisa at dei vil snakke om si oppleving av saka dersom det blir ei opa høyring i Stortinget.