NRK Meny
Normal

Avgift kan knekke Oskar Sylte

Forslag om auka moms på brus skaper frykt for arbeidsplassane ved Oskar Sylte i Molde.

Oskar Dag Sylte sr

PROVOSERT: Sp vil leggje meir avgift på brus. - Hårreisande, seier Oskar Dag Sylte.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Senterpartiet har foreslått å auke momsen på sukkerfrie og sukkerhaldige drikkevarer frå 14 til 25 prosent.

LES MEIR: Dyrere brus –billigere frukt

- Hårreisande

- Dette er direkte provoserande. Å særavgiftslegge oss fordi me produserer mineralvatn er heilt hårreisande, seier styreleiar Oskar Dag Sylte i Oskar Sylte Mineralvannfabrikk.

Verksemda har laga brus sidan 1929.

Frå 18 til ein

No er dei den einaste mineralvassprodusenten igjen i Møre og Romsdal.

LES MEIR: Slutt for 94 år gammel brusfabrikk

LES MEIR: Vil ha voldabrus tilbake

- Då eg starta i bransjen var det 18 mineralvassprodusentar i Møre og Romsdal. I fjor mista me den siste konkurrenten. Og den situasjonen vil me ikkje hamne i sjølv, seier Oscar Dag Sylte.

Han fryktar at fleire vil miste jobben dersom forslaget går gjennom.

Vil ha avgifta på sukkeret

Per Olaf Lundteigen

VIL HA AVGIFT: Per Olaf Lundteigen (Sp).

Foto: Anders Nielsen / NRK

Senterpartiet trur ein auka moms på brus vil føre til eit sunnare kosthald.

- Sukkerhaldig drikke vil verte dyrare, og dermed kjøper folk sunnare varer, forklarer Per Olaf Lundteigen, som er Senterpartiet sin finanspolitiske talsmann.

Oscar Dag Sylte meiner ein bør gå andre vegar enn å straffe små og mellomstore mineralvassprodusentar.

- Dersom det er sukker som er farleg, så er det ei helsemessig vurdering. Den støttar me. Men i så fall bør ein leggje avgift på sukker, og ikkje på mineralvatn.