Hopp til innhold

Vil bruke sensorar for å overvake havet

Runde Miljøsenter i Herøy står sentralt i arbeidet med EU-prosjektet NeXos som mellom anna skal bruke sensorar for å overvake havet. I det omfattande prosjektet vert også fleire lokale aktørar tilknytt på fleire ulike måtar.

Runde Miljøsenter er sentral i EU-prosjektet NeXos.

Nils-Roar Hareide viser fram glidaren med sensorar for representantar for mellom anna næringslivet på Søre Sunnmøre.

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima
Glidarar med sensor

Utsnitt av ein glidar. Her er også sensoren plassert.

Foto: Arne Flatin / NRK

Runde Miljøsenter har mellom anna inngått eit samarbeid med Havila i Herøy om at dei skal handterer så kalla glidarar som er utstyrte med avanserte sensorar. Desse glidarane er allereie utprøvde langs kysten, men no skal dei også brukast i Nordsjøen, der ein av Havila sine fartøy skal sørge for at den torpedoliknande glidaren vert handtert fysisk. All data som sensorane på denne glidaren fangar opp vert så analyserte.

Dette er altså eit prosjekt i regi av EU, det så kalla NeXos-prosjektet. På heimesida til NeXos kan vi mellom anna lese dette:

«The NeXOS Project (Next generation, Cost-effective, Compact, Multifunctional Web Enabled Ocean Sensor Systems Empowering Marine, Maritime and Fisheries Management) is a collaborative project funded by the European Commission 7th Framework Programme, under the call OCEAN-2013.2 – The Ocean of Tomorrow 2013 – Innovative multifunctional sensors for in-situ monitoring of marine environment and related maritime activities».

Nils-Roar Hareide, dagleg leiar ved Runde Miljøsenter

Nils-Roar Hareide, dagleg leiar ved Runde Miljøsenter

Foto: Arne Flatin / NRK

Dagleg leiar ved miljøsenteret, Nils-Roar Hareide, seier dette forenklar innsamlinga av data vesentleg i forhold til bruk av forskingsfartøy. Dermed vert også kostnadene langt lågare når ein kan fjernstyre innhentinga av informasjon på denne måten.

Kloke hovud

Denne veka har det vore mange kloke hovud samla på Runde Miljøsenter. Leiinga for det omfattande prosjektet som er leia av det spanske FOU-instituttet har vore på plass mellom anna saman med lokalt næringsliv som til dømes Rolls-Royce og Ulstein Design & Solutions.

Leif Vartdal i Rolls-Royce seier at dei heile tida er på jakt etter stadig betre sensorar som skal brukast i det utstyret dei leverer til sine kundar. På moderne fartøy er det ei rekke sensorar innebygd i utstyret om bord og næringslivet er alltid på jakt etter betre og billegare løysingar.

Svein Rune Smådal i Havila Shipping

Svein Rune Smådal er teknisk sjef i Havila Shipping og demonstrerer kor viktig det er for Havila å bidra til prosjektet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det er gjort avtale med Havila Shipping om at prosjektet skal få bruke standbyfartøyet Havila Troll som er stasjonert på Trollfeltet til testfartøy offshore. Dette er i samarbeid med Statoil som er operatør på dette feltet.

– Utprøving og testing av sensorar vil vi i så stor grad som muleg leggast til Søre Sunnmøre og slik at ein får etablert samarbeid med bedrifter og fartøy i regionen, seier Hareide.

Prosjektet som Runde Miljøsenter er med på skal utvikle ein ny generasjon av marine sensorar som skal vere både effektive, billege og pålitelege. Dei skal også vere små og bruke lite straum.

Tjue partnerar

Til saman er tjue partnerar med i prosjektet. Norske partnerar som er med er Christian Michelsen Institutt (CMR,) Universitetet i Bergen og Norsk Institutt for vassforsking (NIVA). Dei andre partnerane er frå Tyskland, Italia, Spania, Holland og Frankrike.

Glidar med sensor

Slik ser ein glidar ut.

Foto: Arne Flatin / NRK

Runde Miljøsenter si rolle er å leie arbeidet med demonstrasjon. Dei nye sensorane som skal utviklast skal takast i bruk på offshorefartøy, fiskefartøy, glidarar, ROV og andre plattformer.

Denne veka har forskarar, næringsliv og miljøekspertar smelta saman i arbeidsgrupper i lokala til miljøsenteret. Spanjolen Eric Delory er koordinator for heile dette omfattande prosjektet. Han meiner det er svært viktig å utvikle den viktige sensorteknologien for å overvake det som skjer både på havet og på jorda elles.