Av vegen med bil og ATV

Laurdag kveld kom politiet over ein bil som låg i grøfta i Surnadal, Eigaren, som budde like ved, var rusa då politiet kom. Det blei tatt blodprøve av vedkomande, som og blei fråtatt førarkortet. På Årø i Molde køyrde ein ATV av vegen, og to personar blei sende til legevakta. Føraren hadde ikkje gyldig førarkort for ATV, og blei fråtatt førarkortet for andre køyretøy.