NRK Meny
Normal

Austheim takkar nei til Stortinget

Vil fokusere på legegjerninga.

Stortinget
Foto: Eilif Aslaksen / NRK

FrP-politikaren Åge Austheim frå Kristiansund har takka nei til å bli nominert på dei øvste plassane på partilista til stortingsvalet neste år.

Austheim har likevel sagt ja til å stå på fjerde plass eller lågare. Han stod på fjerde plass til sist stortingsval, og har vore inne som vara for Lodve Solholm i to månadar.

Viktig med sivil arbeidskarriere

FrP-politikaren avsluttar i desse dagar ei seksårig legeutdanning. I ei pressemelding skriv han at det vil vere det vil vere best for han å jobbe med det han er utdanna til. Austheim meiner at det er viktig at politikarar har ei arbeidskarriere utanfor politikken. Han trur han vil kunne gjere ein betre jobb som folkevald når han har fått praktisk erfaring som lege.

Til rådvelde i framtida

Austheim kjem til å halde fram som medlem av bystyre, fylkesting og regionalt rusføretak. Men om FrP ynskjer å bruke han på Stortinget eller i andre offentlege organ i framtida, kjem han til å stille seg til rådvelde.

Fleire som ikkje vil

Også Harald Valved frå Molde har takka nei til mogleg stortingsplass på FrP-lista. Han stod på tredje plass til sist val. Heller ikkje Sylvi Listhaug frå Ørskog ynskjer seg på Stortinget. Ho er helsebyråd i Oslo.

Det er tidlegare kjent at Frank Sve ikkje vil ha plass på Stortinget no. Harald Nesvik og Oskar Grimstad har sagt ja til plassar på toppen av FrP si liste til stortingsvalet i 2009.