Hopp til innhold

Aure kommune måtte kutte

Fleire av politikarane i Aure seier det har vore ein svært tøff budsjetthaust. Kommunestyret har vedtatt eit budsjett og ein økonomiplan med mange kutt og der to skular blir lagde ned. Erik Wullum frå Venstre meiner politikarane burde gått lenger, og Senterparti-ordførar Ingunn Golmen trur det kjem nye, tøffe rundar. Det blir skatt på næringseigendom, og både Wullum pg Golmen trur det blir eigedomsskatt på bustader seinare.

Kommunestyret i Aure
Foto: Trond Vestre / NRK