Hopp til innhold

Aurdal ordførar i Ålesund

Eva Vinje Aurdal (Ap) blir ordførar i storkommunen nye Ålesund. Varaordførar blir Vebjørn Krogsæter (Sp). Samarbeidspartia består også av SV, Krf, MDG, Rødt og V. – Vi har hatt lange diskusjonar og gått fleire rundar på kva vi kan bli samde om politisk. Det å kome fram til ei felles politisk plattform skal gå greitt, seier Aurdal. Ho vil vise dei som var skeptisk til kommunesamanslåinga, at dei tok feil når dei var redde for at det blir mange utkantar og at berre byen er i fokus.

Desse skal styre nye Ålesund
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK