Kemneren saksøkte Brødrene Hukkelberg og kravde at verftet betalte skatt og arbeidsgjevaravgift for eit anna selskap.
Retten slår fast at verftet i Aukra brukte det andre selskapet som underentreprenør og ikkje til å leige arbeidarar.
Det andre selskapet, Maritim Montasje, hadde gjort arbeid for verftet på Aukra. Selskapet gjekk konkurs i januar 2000, og skulda då store summar i skatt og arbeidsgjevaravgift.
Skattestyresmaktene meinte Brødrene Hukkelberg skulle betale over 350.000 kroner av denne summen, og hevda verftet hadde leigd inn arbeidarar frå Maritim Montasje.
Brødrene Hukkelberg nekta likevel å betale, og meinte dei ikkje hadde leigd arbeidarar, men brukt Maritim Montasje som underentreprenør.
Dette får skipsverftet støtte for i lagmannsretten. Dagleg leiar Tormod Hukkelberg er glad for domen.