Næringslivet og dei som bur på Aukra meiner det er på høg tid at de får hyppigare ferjeavgangar mellom Aukra og Hollingsholmen på fastlandet.
Kvar halvtime også om kvelden
Styreleiar i Aukra Næringsforum, Merete Mikkelsen, seier at ferjene er blitt større og ferjekaiene betre, men rutetilbodet har ikkje endra seg på over tjue år. Dei krev no ferjeavgang kvar halvtime i helgane og på kveldstid, mot ein gong i timen i dag. På dagtid kan passasjerane reise mellom Aukra og Hollingsholmen kvart 30. minutt.
Nattferje
No ber dei altså MRF og vegkontoret om å sjå på rutetilbodet før dei nye rutene blir fastsette den 1. mai og før sambandet blir lagt ut på anbod. Kravet er altså ein frekvens på 30 minutt, og utvida ferjetilbod til klokka halv tre om natta i helgane.
Ferjeselskapet ikkje avvisande
Fjord1 MRF veit at trafikken på dette sambandet er stor, seier administrerande direktør Anker Grøvdal. Det er mange andre samband som har liknande ønske, men fordi det blir svært stor aktivitet i Ormen Lange-utbygginga på Aukra i år, må selskapet kanskje sjå spesielt på dette sambandet, seier Grøvdal.