Hopp til innhold

Aukra kommune kom dårlegast ut

I eit ferskt kommunebarometer kjem det fram Aukra er verst i fylket, trass i at det er ei av landets rikaste kommunar.

Kommunehuset i Aukra

Politikarane i Aukra kommune har mykje pengar å rutte med. Likevel kjem dei dårleg ut i nasjonal rangering av kommunale tenester.

Foto: Are Haukaas

– Dette er inga overrasking, seier ordførar Bernhard Riksfjord (Ap).

– Dømt til å skåre lågt

Bernhard Riksfjord

Aukraordførar Bernhard Riksfjord (Ap) seier dei høge inntektene i kommunen hindrar ei god plassering på det norske kommunebarometeret.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Riksfjord seier det er ei bevisst haldning i kommunestyret å utbetre tilbod og tenester, og at det først og fremst er dei høge inntektene som gjer at dei kjem dårleg ut.

– Grunnen til at vi kjem dårleg ut er at undersøkinga korrigerer for høge inntekter, noko Aukra kommune har. Slik denne undersøkinga er lagt opp, er vi dømt til å skåre lågt, seier han.

– Burde ha vore betre

Nyheitsredaktør Ole Petter Pedersen i Kommunal Rapport gir han berre delvis rett. Ein så rik kommune som Aukra burde ha vore betre på fleire område enn dei er i dag, meiner han.

– Aukra har veldig mykje meir pengar enn dei fleste andre kommunane. Det skulle tilseie at dei ligg heilt i toppen i alle område.

Like fullt gjer kommunen det berre middels bra når det kjem til eldreomsorg og barnevern.

– Aukra manglar ein viktig kvalitet i tenesta når dei tilbyr lite tid med lege og fysioterapeut på sjukeheim. Vidare har kommunen ganske mange brot på saksbehandlingsfristane når det gjeld barnevern. Med så mykje pengar kunne ein forvente at Aukra hadde endå betre nøkkeltal enn dei har, seier Pedersen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no