Hopp til innhold

Elendig kommuneøkonomi i fylket – Aukra hindrar desidert sisteplass

Den årlege rapporten frå Fylkesmannen om kommuneøkonomi, viser at stoda er elendig i Møre og Romsdal. – Gjeldsbøra aukar og aukar, seier Martin Gjendem Mortesen.

Ormen Lange Aukra

Ormen Lange i Aukra har gjort at kommunen har enorme inntekter frå eigedomsskatt. Aukra kommune betrar fylkesgjennomsnittet drastisk i Fylkesmannen sin årlege statusrapport for kommuneøkonomi.

Foto: NRK

Netto driftsresultat er ein klar peikepinn på kor vidt ein kommune er i økonomisk balanse eller ikkje.

Endå ein gong kjem kommunane i Møre og Romsdal elendig ut. Dei siste fem åra har Møre og Romsdal lågast netto driftsresultat.

Det seier Fylkesmannen i Møre og Romsdal i sin årlege rapport om status i kommuneøkonomien. Rapportane i både 2011 og 2010 gav dei same bekymringsmeldingane.

– Gjeldsbøra berre aukar og aukar. Kommunane i Møre og Romsdal har allereie mykje høgare gjeldsbør enn gjennomsnittet i Noreg, utanom Oslo.

– Og veksten i gjeldsbøra har vore høgare enn gjennomsnittet over fleire år, fortel rådgjevar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Martin Gjendem Mortensen.

Auka lånegjeld gjer at kommunane endar i ein vond spiral.

– Kommunane undervurderer kostnadene med høg lånegjeld. Men det er meir urovekkjande at kommunane må nytte lån for å finansierer investeringane sine, det fordi dei ikkje klarer å spare til eigenkapital.

Saka held fram under bildet.

Martin Gjendem Mortensen

Martin Gjendem Mortensen, rådgjevar om kommuneøkonomi hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, er uroa over det økonomiske uføret i Møre og Romsdal.

Foto: Vidar Myklebust / Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Aukra reddar fylket frå jumboplass

Gjennomsnittleg i Møre og Romsdal var driftsresultatet på éin prosent av driftsinntektene. Det anbefalte er minst tre til tre og ein halv prosent. Dette for at kommunane sine formuar skal overleve.

Er netto driftsresultat under tre prosent går drifta utover formuen, seier rapporten frå Fylkesmannen.

– Det går på kostnad av tenestene til framtidige generasjonar når kommunane brukar for mykje pengar i dag, seier Mortensen.

Bernhard Riksfjord

Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord er blant dei få som kan smile etter Fylkesmannen sin rapport om kommuneøkonomi.

Foto: SP

Det er derimot ikkje utelukkande negativt i rapporten. Aukra aukar til det positive nok ein gong, det grunna høge inntekter frå eigedomsskatt som følgje av Ormen Lange.

– Hadde det ikkje vore for Aukra, så hadde netto driftsresultat for kommunane i Møre og Romsdal vore det lågaste av alle fylka, fortel Mortensen.

Aukra hadde det høgaste netto driftsresultatet i landet, målt i prosent av driftsinntektene.

Utan Aukra hadde netto driftsresultat vore 0,4 prosent for kommunane i Møre og Romsdal. Aukra dreg altså prosenten opp med 0,6.

– Meir utsett for rentenivå og børsutvikling

Vidare skriv Fylkesmannen at finansuroa har laga ekstra spor i Møre og Romsdal. To år med gode gevinst i finansmarknaden snudde til tap i 2011.

– Kommunane i Møre og Romsdal er meir eksponert for svingingar. Det gjeld både rentenivå og børsutviklinga.

I rapporten går det fram at sjølv om rentenivået er lågt, så betaler kommunane meir enn tidlegare på grunn av veldig høg lånegjeld.

Eit klart teikn på uføret er at mange kommunar er på Robek-lista (Kommunal- og regionaldepartementet sitt register over betinga kontroll og godkjenning av økonomiske disposisjonar).

Heile 10 av 50 Robek-kommunar i landet er i Møre og Romsdal. Dei er Kristiansund, Sande, Hareid, Sykkylven, Stranda, Ørsta, Vestnes, Midsund, Fræna og Gjemnes.

Det er Fylkesmennene i kvar Fylkeskommune som avgjer om nokon skal ut av lista. No ligg det an til at Kristiansund kan meldast ut – etter fire år under Robek-regi. I tillegg er Midsund og Sande på god veg ut.