Hopp til innhold

Auke på Vigra

Utanlandstrafikken til og frå flyplassen på Vigra auka med 3,3 prosent i oktober – samanlikna med oktober i fjor. Det er den nye ruta mellom Vigra og Katowice i Polen som er den viktigaste årsaka til trafikkveksten, opplyser Avinor. Også ruta til Amsterdam, Alicante og Gdansk hadde vekst, medan det på ruta til Kaunas var mindre trafikk enn i fjor.

Flybussen
Foto: Tore Ellingseter / NRK