Hopp til innhold

Sjukehuset tar grep for å hjelpe sjuke cruiseturistar

Legar og sjukepleiarar kan bruke heile arbeidsdagar på å hjelpe utanlandske pasientar med papirarbeid. No har sjukehuset i Ålesund funne løysinga.

Cruiseturistar i Ålesund

Innbyggjartalet i Ålesund aukar kraftig om sommaren. Mange dagar er det to cruiseskip i byen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Tusenvis av turistar strøymer ut av dei to enorme cruiseskipa som ligg til kai i Ålesund. Dei britiske pensjonistane Jackie (73) og Roger Howell (77) stiller seg i kø for å kjøpe billett på turisttoget.

– Vi har ikkje den beste helsa, så vi har helseforsikring. Eg hadde ikkje turt å reise utan, seier Jackie Howell.

Sunnmørsbyen er landets nest største cruisehamn og innbyggjartalet aukar med mange tusen enkelte dagar. Det merkar også sjukehuset.

Roger og Jackie Howell på cruise i Ålesund

Roger og Jackie Howell har reiseforsikring, men har aldri blitt sjuke på tur. No er dei innom Ålesund på cruise.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Fleire turistar blir innlagt

Hjarteinfarkt, hjerneslag, forverring av kroniske sjukdomar og fallskadar er noko av det dei utanlandske turistane blir ramma av.

– Dette skjer medan vi har sommarferieavvikling med mange vikarar og nyutdanna. Vi får ein ekstra pågang av pasientar på eit tidspunkt på året der vi i utgangspunktet er ganske sårbare, seier kvalitetssjef Vidar Hagerup i Helse Møre og Romsdal.

Kvar pasient gir mykje ekstraarbeid, som gjer at legar og sjukepleiarar brukar timevis på utfylling av skjema, kontakt med forsikringsselskap og organisering av heimreise, framfor å gi pasientbehandling.

Jørn-Åge Longva og Vidar Hagerup ved Ålesund sjukehus ser på statistikk over utanlandske pasientar

Jørn-Åge Longva og Vidar Hagerup ser på statistikken at det aldri før har vore fleire utanlandske pasientar i juni i Møre og Romsdal. I 2018 var det 45 innlagte, i år var det 68.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Eigne koordinatorar for turistar

Difor har helseføretaket etablert eigne turistkoordinatorar på sjukehusa i Møre og Romsdal, som skal avlaste helsepersonellet.

Rådgivar og sjukepleiar, Kari Fauske, er ein av koordinatorane. Ho ser at det er utfordrande for dei eldste å bli innlagt på sjukehus i Noreg.

– Det er mange skjema som må fyllast ut og det er språkutfordringar. Eg ser at dei blir slitne av det, spesielt visst det blir problem med å reise vidare og med forsikringa, seier Fauske.

Den største gruppa av utanlandske turistar som treng behandling eller blir innlagt er i alderen 50–65 år. Det er likevel dei over 80 år som er mest tidkrevjande, fordi dei er sjukast.

– Det tøffaste er når det skjer eit uventa dødsfall. Då er det ein del ting som må på plass for å få vedkomande tilbake til heimlandet sitt, seier Fauske.

Kari Fauske jobbar som turistkoordinator på Ålesund sjukehus

Kari Fauske jobbar som turistkoordinator ved sjukehuset i Ålesund, der ho mellom anna held kontakt med forsikringsselskap og ordnar praktiske oppgåver.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Les også Utanlandske turistar er tilbake for fullt

Cruiseskip i Ålesund havn

Reiser med alvorlege sjukdomar

Seksjonsleiar ved medisinsk avdeling, Jørn-Åge Longva synest det er positivt at eigne turistkoordinatorar kan ta seg av papirarbeidet, slik at helsepersonell kan bruke tida på å behandle pasientane.

– Eg blir ikkje overraska lenger, men enkelte turistar har veldig høg alder. Dei er langt oppi 90-åra og har avanserte, langtkomne sjukdomar når dei legg ut på reise, seier Longva.

Han forstår jo at dei vil oppleve verda, men då kan reisa ende med sjukehusinnlegging.

Dei aller fleste har reiseforsikringa i orden, men det har skjedd at turistar har gambla og blitt sjuke utan. Ein episode endte med millionrekning for pasienten som trongde ambulansefly med personell til heimlandet.

I Ålesund grøssar turistane Sue og Colin Jackson ved tanken. Colin har ulike helseutfordringar og har hatt forsikring i mange år, men heldigvis aldri fått bruk for den.

– Men du veit aldri. Plutseleg treng du den. Det er risikabelt å vere utan, seier briten.

Turistane Sue og Colin Jackson ved Brosundet i Ålesund

Sue og Colin Jackson frå England held seg friske på cruise, og synest at dei som drar utan reiseforsikring tar ein stor risiko.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK