Hopp til innhold

Auke i sjukefråveret

Det legemeldte sjukefråveret i Møre og Romsdal i første kvartal var 6,5 prosent, og det er ein auke på 8,4 prosent samanlikna med same kvartal i fjor. Auken skuldast i hovudsak korona, melder Nav. Auken her i fylket er noko mindre enn auken i landet. Sjukefråver grunna psykiske lidingar utgjer nesten 20 prosent av alle tapte dagsverk. Fråveret i denne diagnosegruppa har auka dei siste åra, men i dette kvartalet er det ein svak nedgang.