Auke i saker

Det har vore ei auke i talet på unge som har fått oppfølging frå Konfliktråda i fylket.

På Sunnmøre blei det overført 14 ungdomar til ungdomsoppfølging i 2018, mot 7 ungdomar året før.

På Nordmøre og i Romsdal har talet auka frå fem til sju.

Vald, narkotika, truslar, seksualkriminalitet og skadeverk utgjer hovuddelen av lovbrota.

Talet på saker som har blitt sendt til mekling har heldt seg stabilt, på rundt 200 saker ved kvart av konfliktråda.