NRK Meny
Normal

Åtvarar mot ufokuserte sjåførar

Talet på eineulykker har auka om lag 13 prosent i Møre og Romsdal. Mobilbruk og ufokuserte sjåførar utgjer ein stor risiko.

Eineulykke

I Møre og Romsdal har talet på eineulykker har auka med om lag 13 prosent samanlikna med i fjor.

Foto: Trygg Trafikk

– Dette viser kvifor det er viktig å halde fokus, seier Erik Hartmann som er distriktsleiar i Trygg Trafikk Møre og Romsdal.

Med totalt 1315 eineulykker i første kvartal er dette ein auke på nesten 13 prosent frå året før då det vart registrert 1165 eineulykker, skriv Trygg Trafikk i ei pressemelding.

– Sjølv om det er færre enn før som blir hardt skadde eller døyr, så aukar talet på ulykker med berre ein person i bilen, seier Hartmann.

– Store mørketal

Ei undersøking gjort av Trygg Trafikk og Gjensidige viser at 1,1 millionar nordmenn lar seg distrahere bak rattet, og med ein auke i talet på eineulykker skapar dette uro.

– Det finst ingen statistikk på kor mange ulykker som skuldast uoppmerksame sjåførar, for slike årsaker blir sjeldan rapportert inn, seier direktør for skade i Gjensidige, Sigurd Austin.

– Me trur diverre at mørketala er store. Men, me er sikre på at det blir betalt ut millionbeløp kvart år grunna uoppmerksame bilistar, seier ho.

Kampanje for å halde fokus

Trygg Trafikk og Gjensidige har ei kampanje gåande mot ufokuserte bilistar. Den interaktive kampanjen involverer den som ser på, og har gått som ein farsott på sosiale medium.

Erik Hartmann

Erik Hartmann i Trygg Trafikk Møre og Romsdal åtvarar mot mobilbruk medan ein køyrer bil.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

– Dei fleste kjenner seg igjen, og det er tydeleg at kampanjen treff ei nerve i folk, seier Hartmann.

– 350 000 nordmenn seier dei brukar mobilen når dei køyrer bil, sjølv om dei veit dette er farleg. Ingen har lyst til å møte bilistar som brukar mobilen framfor å sjå på vegen, seier han.