Hopp til innhold

Aukande underskot i Helse Sunnmøre

Styret i Helse Sunnmøre fekk seg nok ei overrasking på styremøtet i dag. Direktør Astrid Eidsvik la fram tal som viser at underskotet ved Helse Sunnmøre held fram med å auke.

Astrid Eidsvik
Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Berre i november gjekk sjukehuset med sju millionar kroner i minus. Det betyr at underskotet i Helse Sunnmøre no er oppe i 40 millionar kroner.

Gjeld alle føretaka 

Men direktøren set no sin lit til at Helseministeren, Stortinget eller Helse Midt-Norge ordnar opp.

- Det er som sagt ikkje berre Helse Sunnmøre som har eit underskot for 2007. Det gjeld vel samtlige helseføretaka i Noreg, seier Eidsvik.

- Difor meiner eg dette er eit spørsmål som departement, regjering og storting må ta stilling til, legg ho til.

Må få av pengane på bok 

Sjukehusøkonomi er kompliserte saker. Det har styret i Helse Sunnmøre nok ein gong fått erfare. Helseføretaket fekk lov til å gå med eit underskot på 23 millionsr kroner i år. Men mot slutten av året sprakk alle prognoser. Helse Sunnmøre avsluttar året med minst 40 millionar kroner i minus.

Eidsvik meiner no at Helse Sunnmøre må få sin del av dei 275 million kronene som Helse Midt-Norge har på bok, og som skal dekke underskot.

- Har tillit til Helse Midt-Norge

- Eg forventar at Helse Midt-Norge vurderer fordelinga av desse pengane på ein slik måte at Helse Sunnmøre får sin del av pengane på lik line med dei andre føretaka.

- Eit underskot vil uansett vere eit problem for Helse Midt-Norge, til tross for dei 275 millionane vil ein nok ha eit underskot totalt sett.

-Du er ikkje redd St.Olavs, der underskotet er nær ein halv milliard, får alle desse pengane?

- Eg har tillit til det som har blitt sagt frå Helse Midt-Norge, at pengane skal fordelast ut frå underskotet totalt sett ved slutten av året, fortel Eidsvik.

Budsjettavklaring onsdag

Helse Midt-Norge avgjer imorgon kor stort investeringsbudsjettet for 2008 blir. Då står både ny barneavdeling i Ålesund og nytt sjukehus i Molde på lista.

Om det blir bygd ny MR ved sjukehuset i Volda blir ikkje avgjort før i januar, seier fungerande styreleiar i Helse Sunnmøre, Marthe Styve Holte.