– Om det ikkje kjem nedbør av betydning i tida framover, så er det ein ting å gjere: legg igjen fyrstikkene heime, seier Anne Rygh Pedersen, avdelingsdirektør i Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB).
Den siste tida har solstrålane skine over store delar av landet. Meteorologisk institutt melder også ei drøymepåske vêrmessig. Men det fine vêret har også ei bakside. Det er sendt ut varsel om skogbrannfare i alle fylke sør for Trøndelag. I fleire fylke er også skogbrannfaren aukande gjennom helga.
– Terrenget er i ferd med å tørke dramatisk opp og vêrvarselet inn i påskeveka tydar på at det vil bli endå tørrare. Det er ingen grunn til å utfordre den situasjonen vi har no. Og særleg ikkje om det bles litt, seier Rygh Pedersen.
Skogbrannfaren kom tidleg i år
Ifølgje Rygh Pedersen kom skogbrannfaren tidleg i år.
– Det er tidleg til å vere så mange stadar. Vi er vand til at det er ganske tørt på denne tida av året på Sør- og Vestlandet. Det som er spesielt i år er at det er så mykje vegetasjon som døde i fjor, fordi det var så tørt over så lang tid.
– Difor er det ekstra skummelt i år.
I tillegg til skogbrannfaren melder Meteorologisk institutt også lokal og gras- og lyngbrannfare i fleire fylke.
Foreslår turmat som ikkje skal på bålet
Fjoråret var prega av tørke i landbruket og ein rekke skogbrannar som skapte krevjande situasjonar for brannmannskapa. I sommarmånadane herja fleire hundre brannar Sør-Noreg. Rygh Pedersen seier at det er ein fare for at ein kan få ein liknande situasjon i år, men at dette kjem heilt an på kor mykje nedbør ein får framover.
Ifølge DSB er ni av ti brannar menneskeskapte. Om uhellet først er ute er det viktig å vere rask å varsle 110 og å prøve å sløkke brannen sjølv, dersom det er mogleg. Men det beste er å unngå å starte ein brann, seier avdelingsdirektøren.
– Her kan kvar og ein av oss gjere ein forskjell. Det er mykje god turmat ein kan ha med seg utan å tenne bål. Og ver forsiktig med eingongsgrillar. Aldri sett den på bakken eller ein stad der det er noko brennbart.
Aukande skogbrannfare
Tidlegare i veka var ein skogbrann ute av kontroll i Kvinesdal i Vest-Agder. I Møre og Romsdal har brannvesenet sløkt terrengbrannar både i Isfjorden og Kristiansund denne veka. Både dei og politiet oppmodar no om å vise stor varsemd ved bruk av eld utandørs. Det er svært tørt i terrenget i mange område i Møre og Romsdal, og til dels sterk vind.
– Det er aukande skogbrannfare i heile fylket. Det er mykje tørr vegetasjon no, som gjer at det er mykje brennbart materiale som ligg i skog og mark, seier brannsjef Geir Thorsen.
Han minner om det generelle bålforbodet som trer i kraft måndag 15. april. Thorsen
vektlegg likevel at det er viktig å vise aktsemd året rundt.
– Det er alltid viktig å ta forholdsreglar for å unngå brann. Spesielt når det er så tørt.