Foreldre har tatt kontakt med lensmannskontoret fordi dei ikkje veit korleis dei kan hjelpe barna sine.
Polititbetjent Tone Nørvåg seier problemet er aukande.
Leiar for sosial- og barneverntenesta, Lilly Åse Skogen, lovar at kommunen skal prøve å hjelpe dei med rusproblem.
Gjeld unge over 18
Problema gjeld i hovudsak unge menneske over 18 år. Dei er myndige og politiet kan difor ikkje gripe inn, eller gi foreldra opplysningar som kan stadfeste mistanken deira om at sonen eller dottera er i narkotikamiljøet. Dette gjer saka ekstra utfordrande.
Kva kan foreldra gjere
Kommunen har tidlegare arrangert møte for foreldra om korleis dei skal oppdage at borna deira har eit rusproblem. No stiller politiet spørsmålet om kva foreldra kan gjere ETTER dei har fått stadfesta problemet. I går hadde politiet møte med kommuneleiinga om saka, og leiar for sosial og barneverntenesta, Lilly Åse Skogen meiner det er bra at politiet set saka på dagsorden.