Aukande interesse for hundefrisørar

Interessa for hundesalongar er veksande og mange brukar stadig meir pengar på kjæledyra sine. Frå 2016 til 2017 auka omsetninga i butikkhandel til kjæledyra med 67 millionar kroner. Eigar av Noregs Hundefrisørskule, Magne Hay, opplever veksande interesse for yrket. – Vi merkar stor pågang til skulen, vi har berre ein ledig plass til hausten, seier han.

Denne hunden har vore hos Lucky Cuts hundefrisør
Foto: Sara Linn Ytterland / Lucky Cuts hundesalong