Hopp til innhold

Auka turisme gir rekordbesøk på museum

At turismen i Noreg aukar, merkast godt på dei fleste museum. – Vi er i stigande rus, seier Jarle Sanden ved Romsdalsmuseet.

Romsdalsmuseets nybygg

FIREDOBLING: Romsdalsmuseet har nesten firedobla besøkstala sine samanlikna med i fjor.

Foto: Reiulf Ramstad Arkikter/illustrasjon

Cruisebåtturistane og andre tilreisande strøymer til dei kulturelle sjåverdigheitene, og fleire museum har hatt ei stor auke i besøkstala sine samanlikna med tidlegare år. Kanskje er det alt regnvêret som jagar turistane inn i museumslokala? Turismens år merkast godt både i Molde, Kristiansund og Ålesund.

Jarle Sanden

Museumsdirektør, Jarle Sanden er overvelda over høgt besøkstal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi har hatt 10 000 besøkande hittil i år, noko som er heilt astronomiske tal samanlikna med kva som er vanleg, seier museumsdirektøren ved Romsdalsmuseet, Jarle Sanden.

Les også:

Nytt bygg får stor interesse

I fjor på same tid hadde Romsdalsmuseet 3000 besøkande, men i år, per 1. juli er tala omtrent firedobla. Turismen har dels skyld, men den største grunnen er det nye museumsbygget som opna 9. februar i år.

– Det vi har forsøkt, ser ut til å lykkast. Det er inspirerande, i tillegg til at det rettferdiggjer det store beløpet vi har teke imot frå stat, fylkeskommunen og romsdalskommunane.

Sjå TV-reportasje frå opning av Romsdalsmuseet:

Det spektakulære nybygget på Romsdalsmuseet i Molde blir opna av statsminister Erna Solberg på tysdag.
Nybygget har vore planlagd i over ti år 
Her kan ein følge romsdalingen frå inst i fjordane til ytst på kysten.

Lokale folk frå Molde og elles i Romsdal, skuleklasser og cruisebåtturistar, er blant museumsgjestane.

– Folk er sjølvsagt nysgjerrige no når noko nytt som er veldig annleis arkitektonisk står ferdig, men vi forventar også høgt besøkstal når nyheitas interesse går ned, seier Sanden.

– Erfaringsmessig vil besøkstalet halde seg oppe fordi ein når fram med ei anna type formidling enn det ein er vand med. Det ser ein i alle fall med andre museum som har gjort liknande endringar.

Flest cruisebåtturistar

Lynn og Jay

Lynn og Jay Giardina frå USA er to av mange cruisebåtturistar som besøker museum i Møre og Romsdal denne sommaren.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Lynn og Jay Giardina peiker og diskuterer i mellom seg. Det amerikanske paret er på cruiseferie i Noreg og i dag besøker dei Aalesund museum.

– Vi elskar museum og besøker alle museum i alle byar vi er i. Jay er kanskje ikkje like interessert som meg, men det kjem seg, seier Lynn og ler.

Museet har merka ei stor auke i besøkande gjennom sommarmånadane samanlikna med i fjor.

– Vi har hatt ei auke på 40 prosent i besøkstalet, noko som er ei stor og gledeleg nyheit for oss i museet. Der er nok pågangen frå cruiseturistar vi først og fremst ser, seier avdelingsleiar, Torbjørn Akslen.

Sunnmøre museum merka spesielt stor pågang i juni.

Torbjørn Akslen

Avdelingsleiar i Aalesund museum, Torbjørn Akslen er godt fornøgd med den store auka i besøkstalet.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

– Dei dagane det var cruisebåtar i fjorden hadde vi ei stor auke i besøkstalet. Enkelte dagar har det vore opp mot 500 turistar på museet, seier Tuva Snipsøyr som er sommarvikar ved Sunnmøre museum.

Også i Kristiansund får cruisebåtturistane ein stor del av æra.

– Vi ligg godt an i år med mange besøkande, spesielt på grunn av cruisebåtane som kjem inn i hamna med turistar som er interessert i å sjå hamnebyen, seier sommarvikar Marthe Meese Dolmen ved Nordmøre museum.