Hopp til innhold

Auka trend på alkoholfri drikke

Salstala til Vinmonopolet, viser at alkoholfri drikke har fått ei auka trend det første halvåret av 2023.

Halvåret viser ei endring på 17% samanlikna med salstala frå 2022. Vinmonopolet reknar med at det vil bli ein ny salsrekord i år.

– Medan alt anna av sal går ned, så går sal av alkoholfritt opp, det fortel Halvor Bing-Lorentzen, pressekontakt i Vinmonopolet.

Han trur at grunnen til auken blant anna er ein sunnheitstrend.

Hamar vinmonopol hylle med alkoholfritt
Foto: Selene Fjellvang Lie / NRK