NRK Meny
Normal

Auka saksmengd førte til lengre behandlingstid

Sunnmøre tingrett behandla langt fleire straffesaker i fjor enn året før. Retten fekk 295 saker til behandling mot 201 året før. Auka saksmengd førte til lengre behandlingstid

Ålesund politistasjon

Sunnmøre tingrett behandla langt fleire straffesaker i fjor enn året før. Men auka saksmengd førte til lengre behandlingstid.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneseth forklarar variasjonane i saksmengda på denne måten.

– Ujamn kapasitet hos politiet gjer at det variera litt frå år til år kor mange saker vi får oversendt, seier ho.

Fører til lengre saksbehandlingstid

Dette førte også til at saksbehandlingstida gjekk opp til 65 dagar i snitt, medan målet var 60 dagar per sak, går det fram av årsmeldinga.

– Ja, det gjorde det i fjor. Det var ei utfordring å få behandle straffesakene innan dei 60 dagane som vi hadde som mål, seier Høegh Bjørneseth.

– Det skuldast i stor grad at det er vanskeleg å koordinere tidspunkt mellom når politiet, domstolane og forsvararane kan, held ho fram.

Også økonomien til tingretten har vore stram dei siste åra.

– Dette er ein tendens vi har sett sidan 2008 og fram til i dag. Det er stadig mindre som vert løyvd til domstolane, og den største delen av budsjettet vårt går til faste utgifter som husleige og løn. Dermed er det svært avgrensa middel til il drift, seier Høegh Bjørneseth.

Økonomien er veldig stram, og det har vi sett ein tendens frå 2008 og fram til i dag. Og så er det stadig mindre som blir løyvd til domstolane det dei fleste største delen av vårt budsjett går til faste kostnadar som husleige og løn og det er svært avgrensa middel til drift.